Tenesteleiar plan og forvaltning

Sogndal kommune Plan og teknisk

Hermansverk

On-site

NOK 700,000 - 900,000

Full time

48 hours ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Konkurransedyktige vilkår
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Fleksibel arbeidstid

Job summary

Sogndal kommune Plan og teknisk søkjer ein leiar som kan forme framtida til Sogndal gjennom strategisk planlegging og god forvaltningspraksis. Du får ansvaret for eit breitt fagområde, leiar utvikling av medarbeidarar, og påverk urt avgjerd som formar lokalsamfunnet i lang tid.

Du vil inngå i leiarteamet og vere ein integrert del av at kommunens mål blir realisert gjennom samarbeid mellom fag, politikk og samfunn.

Qualifications

  • Relevant høgare utdanning innan arealplanlegging, byggesak, jus eller ingeniørfag.
  • God kjennskap til offentleg forvaltning og relevant regelverk, særleg plan- og bygningslova.
  • Erfaring med planprosessar og sakshandsaming, og evne til å handtere klagesaker.
  • Leiarerfaring og erfaring med fagleg utviklings- og endringsarbeid.

Responsibilities

  • Leie tenesta Plan og forvaltning i samsvar med kommunens mål og strategiar.
  • Utvikle og styrkje eit sterkt fagmiljø og medarbeidarutvikling.
  • Bygge god dialog med innbyggjarar, næringsliv og offentlege aktørar.
  • Sikre god sakshandsaming, oversyn og progresjon i oppgåveporteføljene.
  • Samarbeide tverrfagleg internt og med regionalt nivå.

Skills

Ledelse
Strategisk planlegging
Samarbeid
Kommunikasjon

Education

Relevant høgare utdanning (arealplanlegging/byggesak/jus/ingeniørfag)

Job description

Vil du vere med og forme framtidas Sogndal?

Korleis skal Sogndal utvikle seg som bu-, arbeids- og regionsenter? Korleis legg me til rette for attraktive lokalsamfunn, berekraftig vekst og næringsutvikling, samtidig som me tek vare på klima og natur?

Som tenesteleiar for plan og forvaltning får du ei sentral rolle i dette arbeidet. Du får ansvar for eit breitt fagområde, leie og utvikle dyktige medarbeidarar og påverke avgjerder som vil setje spor i lokalsamfunnet i mange år framover.

Me ser etter ein leiar som kombinerer fagleg tryggleik med evne til å skape retning, samarbeid og resultat. Du ser samanhengen mellom gode planar, effektiv forvaltning og framtidig verdiskaping, og motiverast av å finne gode løysingar i skjeringspunktet mellom fag, politikk og samfunnsutvikling.

Du rapporterer til kommunalsjef for plan og samfunn og blir ein viktig del av leiarteamet som skal utvikle morgondagens Sogndal.

Eit breitt samfunnsoppdrag

Eininga for plan og forvaltning har ei sentral rolle i samfunnsutviklinga i Sogndal kommune. Gjennom planlegging, myndigheitsutøving og faglege råd legg me grunnlaget for korleis kommunen skal vekse og utvikle seg.

Tenesta har ansvar for mellom anna:

  • Arealplanlegging og kommunale og private reguleringsplanar
  • Dispensasjonar og byggesaker
  • Landbruksforvaltning og andre forvaltningsoppgåver
  • Oppfølging av kart, geodata, matrikkel og oppmåling i samarbeid med Luster kommune
  • Skogsforvaltning i samarbeid med Vik kommune

Det komande året skal tenesta også etablere eit kommunesamarbeid om miljø og ureining.

Me skal vidareutvikle eit sterkt og utviklingsorientert fagmiljø der høg fagleg kvalitet og effektiv sakshandsaming går hand i hand med god dialog, samarbeid og evne til å finne løysingar.

Dette blir dei viktigaste oppgåvene dine

Som tenesteleiar får du eit heilskapleg ansvar for fag, personale, økonomi og resultat. Du skal leie og utvikle tenesta i tråd med kommunen sine mål og strategiar.

Du skal mellom anna:

  • Vere ei fagleg og strategisk drivkraft for areal- og samfunnsutvikling
  • Sikre høg kvalitet, god framdrift og føreseieleg sakshandsaming, med oversikt over innhald, fordeling og progresjon i dei ulike oppgåveporteføljene
  • Byggje god dialog med innbyggjarar, næringsliv, utbyggjarar og offentlege aktørar
  • Vere eit bindeledd mellom sakshandsamarar, administrativ og politisk leiing, utbyggjarar og regionale styresmakter
  • Utvikle medarbeidarane og byggje eit sterkt, attraktivt og kompetent fagmiljø
  • Vidareutvikle ein kultur prega av tillit, ansvar, samarbeid og kontinuerleg forbetring
  • Styrkje det tverrfaglege samarbeidet og bidra til gode, heilskaplege løysingar
  • Bidra aktivt i strategisk utviklingsarbeid og i leiarteamet i sektoren
Kven ser me etter?

Me ser etter ein tydeleg og utviklingsorientert leiar som skaper engasjement, gir retning og har god gjennomføringsevne.

Du ser heilskapen i samfunnsutviklinga og forstår samspelet mellom politiske mål, faglege vurderingar, lovverk og behova til innbyggjarar og næringsliv. Du er trygg i leiarrolla og har den faglege og administrative kompetansen som trengst for å handtere komplekse oppgåver og sikre at kommunen følgjer gjeldande lovverk og politiske vedtak.

Me ønskjer at du:

  • Leier gjennom tillit og tydelege rammer, og gir medarbeidarane ansvar og rom for utvikling
  • Er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
  • Arbeider strukturert og systematisk, også når arbeidsprosessane er komplekse og arbeidsmengda tidvis er høg
  • Har god rolleforståing og trivst i skjeringspunktet mellom politikk, administrasjon og samfunn
  • Kommuniserer godt og byggjer gode relasjonar, både internt og eksternt
  • Ser verdien av tverrfagleg samarbeid og kan samle ulike fagmiljø rundt felles mål
  • Har god kjennskap til offentleg sektor og politiske prosessar
  • Evnar å støtte og utvikle medarbeidarar i eit tverrfagleg fagmiljø

Personlege eigenskapar og motivasjonen din for samfunnsoppdraget vil bli tillagt stor vekt.

Kvalifikasjonar

For å lukkast i stillinga meiner me at du må ha:

  • Relevant høgare utdanning, helst innan arealplanlegging, byggesak, jus eller ingeniørfag. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • God kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lov- og regelverk, særleg forvaltningslova og plan- og bygningslova
  • Erfaring med planprosessar og sakshandsaming, og kompetanse til å handsame klagesaker etter forvaltningslova og plan- og bygningslova
  • Leiarerfaring og erfaring med å leie fagleg utviklings- og endringsarbeid
  • God rolle- og systemforståing, og forståing for samspelet og skiljet mellom administrasjon, fag, juss og politikk
  • God organisasjons- og økonomiforståing, og evne til å ta i bruk teknologi og digitalisering i utviklinga av tenestene
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Dette får du hjå oss

Hjå oss får du ei sentral leiarstilling der du kan påverke utviklinga av både tenesta og Sogndal kommune.

Me tilbyr:

  • Ei leiarstilling med stor grad av ansvar og påverknad
  • Høve til å forme og vidareutvikle eit sterkt fagmiljø
  • Dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med høge ambisjonar
  • Ein organisasjon som satsar på tillitsbasert leiing og utvikling
  • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
Kvifor Sogndal?

Sogndal er regionsenteret i Sogn, med sterke kompetansemiljø, utdanning, næringsliv, offentlege arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn.

Kommunen er i utvikling, med ambisjonar om berekraftig vekst og sterk regional utvikling. Me er store nok til å by på fagleg mangfald og utviklingsmoglegheiter, men små nok til å ha oversikt, tryggleik og nærleik til det meste.

Her får du kombinere ei spanande leiarstilling med eit liv tett på naturen, med fjord, fjell og frisk luft rett utenfor kontordøra.

Du blir ein del av ein kommune med om lag 1300 medarbeidarar som kvar dag arbeider for å fornye, forbetre og forenkle tenestene våre, til beste for både innbyggjarar og tilsette.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoder om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Formann bygg
Formann bygg

Sogndal kommune Byggdrift • Hermansverk

On-site
NOK 576,000 - 704,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Løn etter tariffavtale
Prosjektleiar Sognamekken
Prosjektleiar Sognamekken

Sogndal kommune Kultur • Systrond

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Ein unik moglegheit til å etablere og-
Sentral rolle i eit prosjekt med stor,
Engasjerte kollegaer innan førebygging
+2
Tilkallingsvikar til helsetun og heimeteneste
Tilkallingsvikar til helsetun og heimeteneste

Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste • Balestrand

On-site
NOK 248,000 - 358,000
Gode pensjonsordningar
Gode forsikringsordningar
Arbeidsmiljø
+1
Tilkallingsvikarar til sjukeheimen og heimetenesta
Tilkallingsvikarar til sjukeheimen og heimetenesta

Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste • Leikanger

Hybrid
NOK 420,000 - 540,000
Gode pensjonsordningar
Gode forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
+2
Logoped
Logoped

Sogndal kommune Sogn PPT • Sogndal

On-site
NOK 520,000 - 640,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Høgt fagleg nivå
Formann bygg
Formann bygg

Sigve Lirhus • Hermansverk

On-site
NOK 576,000 - 704,000
Pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Løn etter tariffavtale
Prosjektleiar Sognamekken
Prosjektleiar Sognamekken

Sogndal kommune • Sogndal

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Løn etter tariff
Pensjons- og forsikringsordningar
Eigedomslandmålar
Eigedomslandmålar

Ole Gunnar Krakhellen • Drevdal

On-site
NOK 650,000 - 900,000
Sentral fagrolle i nytt interkommunalt
Varierte oppgåver i fem kommunar
Tverrfagleg arbeidsmiljø
+2
Prosjektleiar Sognamekken
Prosjektleiar Sognamekken

Håvard Ese Eliassen • Systrond

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Løn etter tariff
Gode kommunale pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Formann bygg
Formann bygg

Sogndal kommune • Sogndal

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Velferdsordningar i tråd med kommunale
Top locations