Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sogn pedagogisk psykologisk teneste (Sogn PPT) i Sogndal søker utøvande logoped som kan gi direkte oppfølging av barn, unge og vaksne, med reiseverksemd i området. Arbeidet inngår i eit utviklingsarbeid for inkluderande praksis i skular og barnehagar.
Tilsettinga krev førarkort klasse B og god skriftleg/munnleg norsk, samt evne til å arbeide sjølvstendig og målretta i team. Me tilbyr eit godt arbeidsmiljø og relevante velferdsordningar.
100% årsvikariat som utøvande logoped fra mars 2027
Sogn pedagogisk psykologisk er ei interkommunal teneste for grunnskular og barnehagar i Sogndal, Luster, Aurland og Vik. Sogn PPT er tverrfagleg samansett, og har i dag 13 tilsette. Sogn PPT omfattar både avdeling for PPT og logopedavdeling, med kontor i Sogndal.
Sogn PPT er i gang med eit spennande utviklingsarbeid for å bli ei framtidsretta og moderne PP-teneste. Den som blir tilsett, skal delta aktivt i dette arbeidet. Me er på leit etter deg som ønskjer å styrke inkluderande praksis i barnehage og skule. PPT er ein sentral samarbeidspart for kommunane. Arbeidet vårt skal sikre gode utviklingsmoglegheiter for barn og unge, særleg dei med særskilde behov.
Me leitar ein utøvande logoped som kan gi direkte oppfølging av barn, unge og vaksne. Arbeidet omfattar reiseverksemd i området. Dato for oppstart kan drøftast i tilsettingsprosessen.
Kompetanseheving i skular og barnehagar på system- og individnivå
Konsultasjons- og rettleiingsarbeid
Bidra aktivt i team og utviklingsarbeid i eiga teneste
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837