Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Tone Nord i Ålesund kompetanseregion søkjer ein engasjert tannpleiar til ei fast 100% stilling. Stillinga er fordelt mellom Stranda (60%) og Valldal (40%), mellom fjord og fjell i ein region kjend for natur og aktivitetsliv.
Du vil arbeide med undersøking, behandling, førebyggjande tannhelsearbeid og samarbeid med barnehagar, skolar og institusjonar, i tillegg til administrative oppgåver. Lønn etter tariffavtale og etablering-/flyttetilskot er tilbodt, saman med eit fagleg nettverk og gode
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Indre Sunnmøre?
Vi søkjer ein engasjert tannpleiar til ei fast 100 % stilling i Ålesund kompetanseregion. Du vil få ein variert arbeidskvardag fordelt mellom distriktstannklinikken Stranda (60 %) og distriktstannklinikken Valldal (40 %)
Mellom fjord og fjell ligg Stranda og Valldal, omgitt av nokre av dei mest spektakulære naturområda i landet. Her kan du nyte eit variert friluftsliv året rundt, frå toppturar og skikøyring til sykling, båtliv og rafting. Regionen er kjend for levande lokalsamfunn, eit aktivt kultur- og foreiningsliv og gode moglegheiter for både familiar og tilflyttarar som ønskjer ein aktiv og innhaldsrik kvardag.
Les meir om regionen og moglegheitene for eit aktivt liv mellom fjord og fjell:
Visit Stranda: www.visitstranda.com eller Valldal Adventure Valley: www.valldal.no
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med undersøking og behandling av alle pasientgrupper. Forebyggande, helsefremmande tannhelsearbeid, med samarbeid med barnehagar, skolar, institusjonar og andre samarbeidspartar. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver.
Vi ser etter deg som:
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest