A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Tannlege søkes til Stranda distriktstannklinikk under Tone Nord. Fast 100% stilling i eit av Norges vakraste område med kombinasjon av kliniske oppgåver og administrativt arbeid.
Arbeidet krev norsk autorisasjon, god språkføring og forståing for helsefagleg samfunnsoppdrag. Me tilbyr eit solid faglig fagmiljø og god pensjon.
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Stranda på Sunnmøre?
Vil du kombinere ein meiningsfull jobb med eit aktivt liv mellom fjord og fjell?
I Stranda ventar store naturopplevingar, og friluftslivet byr på aktivitetar året rundt, med alt frå toppturar og fjellvandring til båtliv og frikøyring i eitt av Norges beste skisenter. Stor breidde i aktive lag og foreiningar gir rom for kultur og sosialt engasjement. Les meir om regionen og moglegheitene for eit aktivt liv mellom fjord og fjell: Visit Stranda: www.visitstranda.com
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Vi ser etter deg som:
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Øyna 24
6200Stranda
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5202649186
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026