Aumenta le possibilità di ricevere una risposta da questo datore di lavoro
Il tuo curriculum e una lettera di presentazione personalizzati, che corrispondono esattamente a ciò che sta cercando.
Tone Nord søker ein tannlege til fast 100% stilling ved distriktstannklinikken Harøy, Steinshamn på Harøya. Stillinga gir eit rolegare tempo, god natur og korte avstandar til aktivitetar i kystneminga.
Arbeidsdagen vil vere klinisk rettet med undersøkelsar og behandling av alle pasientgrupper, i tillegg til administrative oppgåver og kontakt med pasientar og samarbeidspartnarar. Lønn etter avtale, introduksjonsprogram og fagleg nettverk vert tilbytt.
Jobb med utsikt mot Atlanterhavet – og ein kvardag tett på naturen
Ledig, fast 100 % tannlegestilling ved distriktstannklinikken Harøy
Drøymer du om ein jobb der arbeidsdagen blir kombinert med storslått kystnatur, frisk havluft og eit rolegare tempo etter arbeidstid? Då kan dette vere jobben for deg. Tannklinikken ligg i tettstaden Steinshamn på Harøya, som ligg ytst mot Atlanterhavet i Ålesund kommune, omgitt av hav, holmar og skjær. Her får du spektakulære solnedgangar, korte avstandar til fjell og sjø, og rike moglegheiter for friluftsliv – anten du likar padling, fiske, turar langs kysten eller rolege kveldar med havet som bakteppe. Harøya og Finnøya er endepunktet langs Nordøyvegen, som knytter øyriket til fastlandet. Ona & Nordøyane - Fjord Norway
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Vi ser etter deg som:
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss. Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Are Kristoffer Hjeltnes,Overtannlege Ålesund kompetanseregion,92045001
Tone Nord,Fylkestannlege,95468500
Austrevegen 17
6296Harøy
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5204980679
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026