Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Tannklinikken i Steinshamn på Harøya i Møre og Romsdal fylkeskommune søkjer tannlege med norsk autorisasjon. Arbeidet inkluderer kliniske undersøkelsar og behandling, samt administrativt arbeid og kontakt med pasientar.
Vi tilbyr konkurransedyktig lønn etter avtale, trygg arbeidsplass og eit fagleg nettverk med utviklingsmoglegheiter. Arbeidsstaden ligg ved kaia i Harøy, med storslått natur og god tilgang til friluftsliv.
Jobb med utsikt mot Atlanterhavet – og ein kvardag tett på naturen
Drøymer du om ein jobb der arbeidsdagen blir kombinert med storslått kystnatur, frisk havluft og eit rolegare tempo etter arbeidstid? Då kan dette vere jobben for deg. Tannklinikken ligg i tettstaden Steinshamn på Harøya, som ligg ytst mot Atlanterhavet i Ålesund kommune, omgitt av hav, holmar og skjær. Her får du spektakulære solnedgangar, korte avstandar til fjell og sjø, og rike moglegheiter for friluftsliv – anten du likar padling, fiske, turar langs kysten eller rolege kveldar med havet som bakteppe. Harøya og Finnøya er endepunktet langs Nordøyvegen, som knytter øyriket til fastlandet. Ona & Nordøyane - Fjord Norway
Jobb med utsikt mot Atlanterhavet – og ein kvardag tett på naturen
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Vi ser etter deg som:
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Are Kristoffer Hjeltnes,Overtannlege Ålesund kompetanseregion,92045001
Tone Nord,Fylkestannlege,95468500
Austrevegen 17
6296Harøy
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5204980679
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.