Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Møre og Romsdal fylkeskommune søker tannlege ved distriktstannklinikken i Sykkylven. Arbeidet er heilårig og gir ei meiningsfylt tilknyting til eit topp moderne klinikkmiljø ved fjord og fjell.
Arbeidsoppgåver inkluderer klinisk undersøking, behandling og administrativt arbeid; du vil samarbeide tett med eit fagleg fellesskap som fokuserer på læring, kvalitet og pasientsikkerheit. Då står du sjølvstendig og serviceinnstilt i ei livlig bygd.
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Sykkylven på Sunnmøre?
Vi har ledig, fast 100% stilling som tannlege ved distriktstannklinikken Sykkylven
Vil du kombinere ein meiningsfull jobb, i ein topp moderne klinikk, med eit aktivt liv mellom fjord og fjell?
Mellom fjord og fjell ligg Sykkylven, kjent som innfallsporten til Sunnmørsalpane. Regionen byr på naturopplevingar i verdsklasse og eit aktivt friluftsliv gjennom alle årstider, fra toppturar og sykling til alpint og langrenn. Samstundes finn du eit levande lokalsamfunn med eit rikt kultur- og organisasjonsliv, som gir gode moglegheiter for både familiar og tilflyttarar. Les meir om Sykkylven og moglegheitene for eit aktivt liv i Sunnmørsalpane: www.sykkylven.com
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Vi ser etter deg som:
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest
Berte Helen Støylen Hole, Klinikkleder
Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion, 92045001
Ullavikvegen 7
6230Sykkylven
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5202682978
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026