Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Tonnes tannklinikk i Sunndalsøra inviterer to engasjerte tannlegar til å styrke tilbodet og utvikle klinikken vidare. Stillinga omfattar kliniske oppgåver samt administrative oppgåver, med vekt på eit fagleg fellesskap basert på læring, samarbeid og tillit.
Arbeidsstad ligg i sentrum av Sunndalsøra. Tiltaket tilbyr god støtte, tett samarbeid og moglegheit for fagleg utvikling i eit solid team.
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Sunndalsøra på Nordmøre?
Vi søker to engasjerte tannlegar som vil vere med og styrke og videreutvikle tilbodet vårt.
Distriktstannklinikken ligg i sentrum av Sunndalsøra, i Sunndal kommune. Klinikken har overtannlegen i kompetanseregionen, to tannlegar, ein tannpleiar og tre tannhelsesekretærar.
Sunndal er ein stor industri- og kraftkommune, omkransa av vill og vakker natur. Kommunen har mykje å tilby av aktivitetar og attraksjonar heile året, med gode kultur- og fritidstilbod. Kommunen ligg i kort avstand til både Kristiansund, Molde og Oppdal. (Les meir på: www.sunndal.com ).
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Vi ser etter deg som:
I Sunndal skjer det mykje, året rundt. Eit aktivt organisasjonsliv og sterke fellesskap skaper trivsel, tilhøyrsle og engasjement.
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest