Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sykkylven distriktstannklinikk søker tannlege til fast 100% stilling ved distrikstannklinikken Sykkylven. Arbeidsoppgåver er hovudsak klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling, samt administrative oppgåver og kontakt med pasientar og pårørande.
Vi tilbyr etableringstilskot og flyttetilskot, eit fagleg nettverk med kompetanse, samt gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP. Søknadsfrist: 20.11.2026.
Vil du kombinere ein meiningsfull jobb, i ein topp moderne klinikk, med eit aktivt liv mellom fjord og fjell?
Mellom fjord og fjell ligg Sykkylven, kjent som innfallsporten til Sunnmørsalpane. Regionen byr på naturopplevingar i verdsklasse og eit aktivt friluftsliv gjennom alle årstider, frå toppturar og sykling til alpint og langrenn. Samstundes finn du eit levande lokalsamfunn med eit rikt kultur- og organisasjonsliv, som gir gode moglegheiter for både familiar og tilflyttarar. Les meir om Sykkylven og moglegheitene for eit aktivt liv i Sunnmørsalpane: www.sykkylven.com
Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar.
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.

Vi ser etter deg som:
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest.
Søknadsfrist: 20.11.2026
Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.