Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Distriktstannklinikken Sykkylven søker tannhelsesekretær til 100% fast stilling. Du får ein meiningsfylt jobb i ei topp moderne klinikk og blir ein del av eit fagleg fellesskap.
Arbeidsoppgåver inkluderer assistering av tannlege og tannpleiar, hygiene og administrasjon som timebestilling og journalar. Krav: norsk autorisasjon som tannhelsesekretær, god munnleg og skriftleg framstillingsevne, og forståing for helsefagleg samfunnoppdrag.
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Sykkylven på Sunnmøre?
Vi har ledig, fast 100% stilling som tannhelsesekretær ved distriktstannklinikken Sykkylven.
Vil du kombinere ein meiningsfull jobb, i ein topp moderne klinikk, med eit aktivt liv mellom fjord og fjell?
Mellom fjord og fjell ligg Sykkylven, kjent som innfallsporten til Sunnmørsalpane. Regionen byr på naturopplevingar i verdsklasse og eit aktivt friluftsliv gjennom alle årstider, frå toppturar og sykling til alpint og langrenn. Samstundes finn du eit levande lokalsamfunn med eit rikt kultur- og organisasjonsliv, som gir gode moglegheiter for både familiar og tilflyttarar. Les meir om Sykkylven og moglegheitene for eit aktivt liv i Sunnmørsalpane: www.sykkylven.com
Kliniske oppgåver
Vi ser etter deg som:
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest