Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
HOS SURNADAL SJUKEHEIM søker tilkallingsvikar for helg og vekedag. Sjølv om det er varierte oppgåver, vil arbeidet hovudsakleg omfatte pleie og omsorg, med vekt på tryggheit og god samhandling med pasientar og kollegaer. Det vert vektlagt at du er interessert i å arbeide med folk, er lærevillig og pliktoppfyllande.
Politiattest er eit krav, og vi legg vekt på kommunikasjon på norsk i både tale og skrift. Vi tilbyr opplæring, godt arbeidsmiljø og kommunale tilsettingsvilkår med tarifflønn.
Stillingane er fortrinnsvis på helg, men også i vekedagane.
Kommunen er i kontinuerleg utvikling. Det må difor påreknast at arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisatorisk tilknytning, kan bli endra i samsvar med behova i verksemda.
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsatt til ØHD ( Øyeblikkeleg Hjelp Døgnopphald). Nokre av våre ansatte har stillinga si, eller deler av stillinga si i ein Bemanningspool for sjukeheimen.
Studentar eller elevar som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning oppfordras til å søkje.
Skriv gjerne i søknaden om kva utdanning du evt er i gang med.
Ufaglærte kan og søkje.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn tre månadar, skal legga fram før oppstart i stilling. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn 3 måneder.
Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!