A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vossestrand Omsorgstun ynskjer sjukepleiar til natt. Avdelinga ligg ved Oppheimsvatnet, med tre avdelingar og plass til 25 bebuarar. Me tilbyr trygg heildøgns bemanning, turnus med moglegheit for langvakter kvar 4. helg, og god forsikrings- og pensjonsordning.
Søkjarar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar. Sjukepleiarstudentar som fer ferdig våren 2027 bør søkje. Det ligg til rette for vidareutdanning og kompetanseheving.
Fast stilling som sjukepleiar på natt ved Vossestrand Omsorgstun
Om avdelinga
Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, 2 mil frå Voss Sentrum.Me har tre avdelingar med plass til 25 bebuarar, 16 langtidsplassar og 9 omsorgsbustadar med heildøgns bemanning.Heimetenesta har stort geografisk område med omlag 50 heimebuande som har tenester hjå oss. Me har eigen dagavdeling 2 dagar for veka.
Kvalifikasjonar
Sjukepleiarstudentar som er ferdig utdanna våren 2027 oppmodast til å søkje
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar Her ligg det ledige stillingar i regionen.
Me ynskjer deg som
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som innehold namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.