Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Surnadal Sjukheim leitar etter tilkallingsvikar til helge- og vekedagsvakter ved institusjonen.
Stillinga krev at du er interessert i å arbeide med folk, er lærevillig og pliktoppfyllende, og har gode kunnskapar i norsk. Ufaglærte blir oppmoda til å søkje, og politiattest må framvisast før oppstart.
Stillingane er fortrinnsvis på helg, men også i vekedagane.
Kommunen er i kontinuerleg utvikling. Det må difor påreknast at arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisatorisk tilknytning, kan bli endra i samsvar med behova i verksemda.
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og ei korttidsavdeling. I tillegg har vi rom avsatt til ØHD ( Øyeblikkeleg Hjelp Døgnopphald). Nokre av våre ansatte har stillinga si, eller deler av stillinga si i ein Bemanningspool for sjukeheimen.
Studentar eller elevar som er i gang med helse- og sosialfagleg utdanning oppfordras til å søkje.
Skriv gjerne i søknaden om kva utdanning du evt er i gang med.
Ufaglærte kan og søkje.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn tre månadar, skal legga fram før oppstart i stilling. Politiattesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.