Una candidatura fatta su misura per questo lavoro — un curriculum e una lettera di presentazione personalizzati, perfettamente in linea con l'annuncio.
Sunnfjord kommune er på utkikk etter ein engasjert sjukepleiar til ei 100 % fast stilling. Du blir ein viktig del av eit inkluderande fagmiljø i Naustdal omsorgssenter, med varierte oppgåver og tett samarbeid på tvers av profesjonar.
Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar og beherske norsk til bruk både munnleg og skriftleg. Det blir lagt vekt på fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø, samt kompetansetillegg og rekrutteringstillegg på kr 35 000 per år.
Vil du bruke kompetansen din der du verkeleg betyr noko – kvar einaste dag?
Vi søker ein engasjert sjukepleiar som ønsker å bruke både fagleg tyngde og menneskeleg varme i kvardagen. Hos oss får du ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag, der du får bruke kompetansen din, ta ansvar og vere med på å gjere ein forskjell for menneske som treng deg.
Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø der vi spelar kvarandre gode. Vi trur at gode tenester blir skapte av medarbeidarar som trivst, og derfor legg vi stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og å ta vare på kvarandre. Kollegaene dine har brei kompetanse innan demens, geriatri, akuttsjukepleie, lindrande behandling og personsentrert omsorg samt mykje humor og eit sterkt engasjement for bebuarane våre.
Naustdal omsorgssenter er eit mindre omsorgssenter med 19,64 årsverk. Vi yter heildøgns omsorg til personar som har behov for omsorg og medisinsk oppfølging gjennom døgnet. Hos oss blir du godt kjend med både bebuarar og kollegaer, og du blir ein viktig del av eit fagmiljø der alle bidreg og blir sett.
Vi er stolte av å vere ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen, og vi jobbar kontinuerleg for å utvikle tenestene våre vidare.
Du får ein variert arbeidskvardag i tredelt turnus. Det er mogleg å jobbe langvakter og kvar fjerde helg med samla langfri dersom du ønsker det.
Personlege eigenskapar blir vektlagde ved tilsetjing.
Gyldig politiattest må leggjast fram før oppstart i stillinga.
Her blir du ikkje ein i mengda – du blir ein viktig del av eit lag som bryr seg, både om bebuarane og kvarandre. Vi gler oss til å høyre frå deg!