A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Ønskjer du jobb i helse og omsorgssektoren og du har ein kompetanse me treng?
Har du planar eller vurderer du å flytte til Ål eller Hallingdal?
Har du ledig kapasitet og ønskjer du å jobbe ekstra?
Ønskjer du ekstrajobb som gir deg relevant erfaring?
Om oss:
Helse- og omsorgssektoren består av 8 avdelingar som samla gir eit heilskapleg tilbod av helse- og omsorgstenester.
Ål helsesenterbestår av avdeling Meistring (fysio- og ergoterapiteneste, psykisk helseteneste, dagsenter, Friskliv) heimesjukepleie, Gjestetunet(korttidsavdeling), avdeling Stugu (langstidsavdeling), Ål legeteneste (legekontor og Hallingdal legevaktsentral). Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester er samlokalisert med Ålhelsesenter.
Miljøterapitenestahar base på Prestegardsjordet.
IFamiliens hushar me lågterskel tenester som svangerskapsomsorg, helsestasjonsteneste 0-5 år, skulehelseteneste og psykisk helse for born og unge. Vidare er Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) ein del av Familiens hus.
Me har god fagdekking og fokus på fag- og kvalitetsutvikling. Det er eit godt og tett tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike tenestene og med frivillige og Frivilligsentralen.
Vi har behov for:
Vi ønskjer deg som vil jobbe med:
Du må være sjølvstendig, like kontakt med menneskjer og du bør ha førarkort.Du må kunne bruke data og ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg. For å jobbe i helse- og omsorgssektoren må du vere 18 år.
Er du nyutdanna eller har du liten erfaring, er du velkomen til å søkje - me tek godt i mot nytilsette - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing. Me legg til rette for å vere eit lærande hus for elevar og studentar.
Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning.
Informasjon om generell søknad:
Alle avdelingsleiarar i Helse- og omsorgssektoren har tilgang til søknadar som kjem inn, og kan ta kontakt med aktuelle søkjarar. Annonse ligg open ut året, og søknaden din vil bli liggjande tilgjengeleg for leiarane til du eventuelt ber oss om å trekke den.
Informasjon om tillkallingsvikar:
Avtale som tilkallingsvikar inneber at me tek kontakt med deg ved behov for kortvarig og mellombels engasjement. Tilkallingsvikaren har ikkje arbeidsplikt i kommunen, og kan takke ja eller nei til tilbod om arbeid.Det er avdelinga sitt behov som er utgangspunktet for ein førespurnad,og dei står fritt i valet av arbeidstakar i det einskilde høve. Me gjer merksam på at ein avtale som tilkallingsvikar ikkje gjev rett på vikaroppdrag.
Politiattest og søknad:
Du viser din interesse ved å søkje på denne stillinga. Dersom du ønskjer å jobbe ved ei bestemt avdeling ber vi om at du oppgir dette i søknaden.
Om vi ved eit seinare tidspunkt lyser ut ein stilling som er av interesse må du leggje inn en ny søknad på den aktuelle stillinga, sjølv om du tidigare har vist oss interesse ved å sende oss ein søknad.
Du er velkommen til å ta kontakt med oss.