Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Vinje kommune i Rauland søkjer sjukepleiar til Heimetenesta og gir ei variert og meiningsfull arbeidskvardag med eit fagleg sterkt miljø.
Du vil møte brukarar i ulike livssituasjonar, få god oppfølging og engasjerte kollegaer, og du får ansvar og tryggleik i eit inkluderande team. Både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar blir velkomne, med vidare opplæring og utviklingsmoglegheiter.
Vil du bruke kompetansen din der du verkeleg betyr noko for andre – samtidig som du får ein aktiv og innhaldsrik fritid?
I Heimetenesta på Rauland får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du møter menneske i ulike livssituasjonar, byggjer relasjonar og får bruke heile breidda av sjukepleiarfaget. Hos oss er ingen dagar heilt like, og du får vere med på å gjere ein forskjell for brukarane kvar dag.
Drøymer du om ein arbeidskvardag med kort veg til ski, toppturar, sykling, padling og store naturopplevingar? På Rauland får du både faglege utfordringar og høg livskvalitet utenfor arbeidstid.
Hos oss arbeider me tett saman i eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, der kvalitet, tryggleik og respekt for den enkelte står i sentrum. Du får ansvar og tillit, men står aldri åleine.
Er du nyutdanna, får du god opplæring, tett oppfølging og rom til å vekse inn i rolla. Er du erfaren, får du moglegheit til å bruke kompetansen din aktivt, påverke utviklinga av tenesta og bidra til fagleg utvikling i organisasjonen.
Heimetenesta på Rauland gir heilskaplege helse- og omsorgstenester til både heimebuande i eigne bustader og omsorgsbustader, samt bebuarar ved omsorgssenter med opptil 15 plassar. Dette gir stor fagleg variasjon og spennande utfordringar i kvardagen.
Stillinga inngår i årsturnus med dag-, kveld- og helgevakter Mulighet for langvakter.
Me ser etter deg som:
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing
Vinje kommune nyttar nynorsk som offisielt skriftspråk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bjørg Kåsa Verpe,Avdelingsleiar heimetenesta Rauland,+47 90103553,bjorg.kasa.verpe@vinje.kommune.no
Setali 6
3864Rauland
Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5205018971
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.11.2026