A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Sykkylven kommune søker vernepleiar eller sjukepleiar til 100% fast stilling ved Bu- og rehabiliteringstenestene. Arbeidstid med langvaktsturnus og kvar fjerde helg. Stillinga har varierte oppgåver og faglege utfordringar.
Du blir ein del av ei engasjert faggruppe med fokus på tverrfagleg samarbeid og brukarretting. Start frå 15.02.2027 og fast heiltid i kommunal teneste.
Er du vernepleiar eller sjukepleiar som brenn for å skape gode kvardagar for andre – og samtidig ønskjer nye, spanande utfordringar?
Då kan du vere akkurat den vi leitar etter!
Vår avdeling Klokkerhaugen bustadar har no ei ledig 100% fast stilling som vernepleiar/sjukepleiar. Stillinga er ledig frå 15.02.2027.
Du blir ein del av ei engasjert og trygg faggruppe, og jobbar i p.t. langvaktsturnus med arbeid kvar fjerde helg.
Bu- og Rehabiliteringstenestene er ei allsidig eining, som i tillegg til butenester for vaksne, tilbyr barne- og avlastingstenester, dagsenter, støttekontakt og avlasting privat. Hos oss får du varierte arbeidsdagar, gode faglege utfordringar og moglegheita til å gjere ein forskjell – kvar einaste dag.
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak fra offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Randi Lindvik Kvam,avdelingsleiar,46865387,randi.lindvik.kvam@sykkylven.kommune.no
Lisbeth Vinjevoll Schei,einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene,91009625,lisbeth.schei@sykkylven.kommune.no
Haugneset 20
6230Sykkylven
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5211740584
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026