Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Voss legekontor søkjer sjukepleiar i 80 % vikariat frå 11.01.2027 tom 31.10.2027. Ynskjer du høgare stilling vil du få moglegheit til å arbeida ved ein av våre flotte institusjonar.
Vi søkjer ein imøtekommande og fagleg dyktig sjukepleiar som har norsk autorisasjon. Erfaring frå legekontor og kjennskap til Webmed blir vektlagt, og du vil bidra i eit godt tverrfagleg miljø med fokus på pasientomsorg.
Voss legekontor søkjar sjukepleiar i 80 % vikariat fra 11.01.2027 tom 31.10.2027. Ynskjer du høgare stilling vil du få moglegheit til å arbeida ved ein av våre flotte institusjonar
Voss legekontor er det kommunale legekontoret i Voss herad. Me held til ved Knutepunktet vis a vis helsestasjonen i 3. etg. Pr i dag har me 7 legeheimlar, ein Lis1 lege samt 5 sjukepleiarar, 1 medisinsk sekretær og ein merkantil sekretær.
Personlege eigenskapar vert vektlagt. Godkjent politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje.Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.