Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Voss legekontor i Voss kommune søkjer sjukepleiar i 80 % vikariat frå 11.01.2027 til 31.10.2027. Arbeidsoppgåvene inneber kundebehandling i ekspedisjon, triagering av legetimar, blodprøvetaking og injeksjonar.
Vi ønskjer norsk autorisasjon, erfaring frå legekontor og kjennskap til Webmed journalsystem. Personlege eigenskapar som serviceinnstilt, godt samarbeidsevne og planlegging vektleggast. Vi tilbyr utvikling, godt arbeidsmiljø, og kommunale vilkår.
Voss legekontor er det kommunale legekontoret i Voss herad. Me held til ved Knutepunktet vis a vis helsestasjonen i 3. etg.
Pr i dag har me 7 legeheimlar, ein Lis1 lege samt 5 sjukepleiarar, 1 medisinsk sekretær og ein merkantil sekretær.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Godkjent politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.
Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje.Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som innehold namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vera oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.
Vossingane er stolte, av seg sjølve, av bygda, av maten og kulturen. Vil du verta ein av oss, skal me ta godt vare på deg. Her får du lov til å lukkast. Me garanterer at du finn noko å driva med, også når du har fri. Treng du andre impulsar, er vegen kort til både Bergen og fjorden. No kan du verta ein del av laget, me treng deg.Verdiane våre er:ProfesjonellPålitelegSkapandeInkluderande