A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Vestland fylkeskommune søker rådgjevar innan privatarkiv til Leikanger. Du vil gi arkivfagleg rådgjeving til ABM-institusjonar, kommunar og frivillige lag som arbeider med bevaring av privatarkiv i Vestland.
Stillinga krev mastergrad og god norsk skriftleg/munnleg framstilling, digital kompetanse og gode samarbeidsevner. Reiseverksemd må påregnast; tenester og prosjektarbeid står sentralt i arbeidet.
Vi har frå dags dato ledig fast 100% stilling som rådgjevar innan privatarkiv.
Vestland fylkeskommune vernar og formidlar privatarkiv og kulturhistorisk dokumentasjon frå fylket, samstundes som vi som regional aktør arbeidar for å utvikle og samordne privatarkivarbeidet i Vestland. Vi samarbeider tett med frivillig sektor, kommunar og museum i bevaringsarbeidet, og legg stor vekt på å utvikle gode digitale tenester til innbyggjarane.
Som vår nye medarbeidar vil du få varierte oppgåver innafor eininga sitt ansvarsområde, og bli del av eit stort og kunnskapsrikt arkivfagleg miljø på Leikanger. Du vil bli del av ein seksjon med til saman over 20 tilsette som arbeidar for å bevare og formidle ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Vi kan by på brei fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsstad for denne stillinga er Leikanger i Sogn, ei lita bygd mellom fjord og fjell i Sogndal kommune. Kommunen er vertskap for mellom anna Digitaliseringsdirektoratet, Høgskulen i Vestland, fleire teknologiverksemder på Campus, Vestlandsforsking og Sogndal fotball. I tillegg til dette har vi eit svært aktivt ski- og friluftsmiljø, samt fleire museum og kulturscener. Her kan du både få eit givande arbeidsliv og ei innhaldsrik fritid.
Du må rekne med noko reiseverksemd i utføring av stillinga
Du må ha
Det er ein fordel om du også har
Elin Storøstevik,leiar,97653607,elin.storostevik@vlfk.no
Askedalen 2
6863Leikanger
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5174640649
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.09.2026