Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Vestland fylkeskommune søkjer ein analytisk og tverrfagleg person som kan setje i verk strategi frå overordna planar til konkrete tiltak. Du vil koordinere mellom fagmiljø, leiing og IKT for å sikre at digitale investeringar støttar organisasjonen sine mål.
Rolla krev innsikt i dataforvaltning, arkitektur og samanstilling av system og prosessar, samt evne til å gjere data tilgjengelig og forståeleg for beslutningsprosessar.
Vi søkjer ein person som forstår korleis teknologi og digitalisering kan setjast i spel for å støtte verksemda sine mål, men som ikkje nødvendigvis har ein teknisk fagbakgrunn. Du er like komfortabel med å setje deg inn i korleis enkeltløysingar fungerer, som du er med å løfte blikket og sjå heilskaplege samanhengar på tvers av system, data og organisasjon.
I denne rolla er evna til å omsette overordna strategiar til konkrete, gjennomførbare tiltak avgjerande. Du har eit godt auge for korleis ulike fagsystem og datakjelder heng saman, og du bidreg til at Vestland fylkeskommune sine digitale investeringar faktisk underbyggjer organisasjonen sine mål.
Vi ser etter deg som er analytisk og nysgjerrig, som trivst med å jobbe tverrfagleg, og som er god på å skape felles forståing mellom fagmiljø, leiing og IKT.
Utdanning:
Erfaring og kompetanse:
Hos oss får du:
Tom Sølve Myklebust,seksjonssjef,41530977
Askedalen 2
6863Leikanger
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5162398340
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 20.09.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket.Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.