Rådgjevar privatarkiv

Odda

Leikanger

On-site

NOK 480,000 - 560,000

Full time

9 days ago
Application generator

Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Løn etter kvalifikasjonar
Forsikrings- og pensjonsordningar

Job summary

Vestland fylkeskommune søkjer rådgjevar innan privatarkiv til Leikanger i Sogn. Du blir ein del av eit stort arkivfagleg miljø og arbeider tett med kommunar, frivillige lag og ABM-institusjonar for bevaring og formidling av privatarkiv i Vestland.

Du må ha mastergrad innan relevante fag og god norsk skriftleg/munnleg framstillingsevne. Tilbodet inkluderer varierte oppgåver og eit godt arbeidsmiljø i Leikanger.

Qualifications

  • Mastergrad innan relevante fag som arkiv, historie, samfunnsvitskap, kulturvitskap eller informasjonsvitskap
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformene
  • Tidlegare arbeidserfaring frå arkivsektoren (fordel)
  • Kunnskap om programvare og nasjonale fellesløysingar for arkiv, som Asta, Arkivportalen og Digitalarkivet (fordel)

Responsibilities

  • Arkivfagleg rådgjeiving til ABM-institusjonar, kommunar og frivillige lag og organisasjonar som arbeider med bevaring av privatarkiv i Vestland
  • Mediekonvertering av kjeldemateriale
  • Ta del i pågåande prosessar med å flytte inn i og overføre arkiv til vårt nybygde magasinlokale på Leikanger.

Skills

Rådgjeving

Education

Mastergrad i arkiv, historie, samfunnsvitskap, kulturvitskap eller informasjonsvitskap

Tools

Asta
Arkivportalen
Digitalarkivet

Job description

Vi har frå dags dato ledig fast 100% stilling som rådgjevar innan privatarkiv.


Vestland fylkeskommune vernar og formidlar privatarkiv og kulturhistorisk dokumentasjon fra fylket, samstundes som vi som regional aktør arbeidar for å utvikle og samordne privatarkivarbeidet i Vestland. Vi samarbeider tett med frivillig sektor, kommunar og museum i bevaringsarbeidet, og legg stor vekt på å utvikle gode digitale tenester til innbyggjarane.


Som vår nye medarbeidar vil du få varierte oppgåver innafor eininga sitt ansvarsområde, og bli del av eit stort og kunnskapsrikt arkivfagleg miljø på Leikanger. Du vil bli del av ein seksjon med til saman over 20 tilsette som arbeidar for å bevare og formidle ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Vi kan by på brei fagkompetanse og eit godt arbeidsmiljø.


Arbeidsstad for denne stillinga er Leikanger i Sogn, ei lita bygd mellom fjord og fjell i Sogndal kommune. Kommunen er vertskap for mellom anna Digitaliseringsdirektoratet, Høgskulen i Vestland, fleire teknologiverksemder på Campus, Vestlandsforsking og Sogndal fotball. I tillegg til dette har vi eit svært aktivt ski- og friluftsmiljø, samt fleire museum og kulturscener. Her kan du både få eit givande arbeidsliv og ei innhaldsrik fritid.


  • Arkivfagleg rådgjeving til ABM-institusjonar, kommunar og frivillige lag og organisasjonar som arbeider med bevaring av privatarkiv i Vestland

  • Mediekonvertering av kjeldemateriale

  • Ta del i pågåande prosessar med å flytte inn i og overføre arkiv til vårt nybygde magasinlokale på Leikanger.


Du må rekne med noko reiseverksemd i utføring av stillinga


Kvalifikasjonar

Du må ha


  • Mastergrad innan relevante fag som arkiv, historie, samfunnsvitskap, kulturvitskap, informasjonsvitskap med fleire

  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer

Det er ein fordel om du også har


  • Tidlegare arbeidserfaring frå og kunnskap om arkivsektoren

  • Erfaring med programvare og nasjonale fellesløysingar for arkiv, som Asta, Arkivportalen og Digitalarkivet

  • Løn etter kvalifikasjonar og avtale

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.


Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.


Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.


Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Get your free, confidential resume review.
or drag and drop your file here.
Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Rådgjevar privatarkiv
Rådgjevar privatarkiv

Arbeidsplassen • Leikanger

On-site
NOK 650,000 - 750,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid
Leikanger arbeidsstad i nyrenoverte tö
+1
Rådgjevar privatarkiv
Rådgjevar privatarkiv

Elin Storøstevik • Hermansverk

On-site
NOK 750,000 - 900,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid
Arbeidsstad Leikanger i nyrenoverte/lø
+1
Arkivrådgiver: Privatarkiv & Kulturarv, Leikanger
Arkivrådgiver: Privatarkiv & Kulturarv, Leikanger

Elin Storøstevik • Hermansverk

On-site
NOK 750,000 - 900,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid
Arbeidsstad Leikanger i nyrenoverte/lø
+1
Konsulent/rådgjevar for digital utvikling og heilskapstenking
Konsulent/rådgjevar for digital utvikling og heilskapstenking

Arbeidsplassen • Leikanger

On-site
NOK 700,000 - 1,000,000
Eit meiningsfylt arbeid
Fleksibel arbeidstid
Gode pensjons- og forsikringsordningar
+1
Privatarkivrådgjevar – kulturarv og digitalisering
Privatarkivrådgjevar – kulturarv og digitalisering

Odda • Leikanger

On-site
NOK 480,000 - 560,000
Løn etter kvalifikasjonar
Forsikrings- og pensjonsordningar
Senior Systemkonsulent – M365 og brukarsikkerheit
Senior Systemkonsulent – M365 og brukarsikkerheit

Arbeidsplassen • Leikanger, Bergen

On-site
NOK 700,000 - 900,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Fleksibel arbeidstid og heimekontor
Privatarkivrådgjevar – fleksibel arbeidstid Leikanger
Privatarkivrådgjevar – fleksibel arbeidstid Leikanger

Arbeidsplassen • Leikanger

On-site
NOK 650,000 - 750,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fleksibel arbeidstid
Leikanger arbeidsstad i nyrenoverte tö
+1
Arkivmedarbeider - førstekonsulent
Arkivmedarbeider - førstekonsulent

Jorunn Rummelhoff • Oslo

On-site
NOK 580,000 - 650,000
SPK pensjonsordning
Moderne lokaler i Oslo
Fleksibel arbeidstid
+1
Strategisk innkjøpar - Leikanger
Strategisk innkjøpar - Leikanger

Odda • Leikanger

Hybrid
NOK 650,000 - 850,000
Førstekonsulent / arkivar
Førstekonsulent / arkivar

Arbeidsplassen • Lørenskog

On-site
NOK 509,000 - 605,000
Gode utviklingsmuligheter
Positivt arbeidsmiljø
Fleksitid
+1