Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Universitetet i Bergen søker ein ph.d.-koordinator innan fakultetet for samfunnsvitskap. Stillinga omfattar administrativ oppfølging, koordinering og vidareutvikling av ph.d.-programmet frå opptak til disputas.
Du vil arbeide sjølvstendig med saksbehandling, rådgjeving og rapportering, og samarbeide tett med institutta, fakultetsleiinga og sentraladministrasjonen for å sikre kvalitet og jamn progresjon i forskarutdanninga.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som rådgjevar med ansvar for ph.d. utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Fakultetet er organisert i fleire administrative einingar og seksjonar. Som ph.d.-koordinator blir du ein del av Seksjon for økonomi- og forskingsstøtte, som yter tenester til heile fakultetet.
Vi søkjer ein medarbeidar som ønskjer å arbeide med forskarutdanning i eit komplekst og kunnskapsintensivt miljø. Stillinga passar for deg som trivst med sjølvstendig ansvar, har god gjennomføringsevne og evnar å kombinere strategisk perspektiv med sans for detaljar. Du vil inngå i eit fagmiljø som arbeider med forskarutdanning ved fakultetet, og samarbeide tett med institutta, fakultetsleiinga og sentraladministrasjonen.
Ph.d.-koordinator har eit særskilt ansvar for administrativ oppfølging, koordinering og vidareutvikling av fakultetet sitt ph.d.-program. Stillinga omfattar sjølvstendig saksbehandling, rådgjeving og kvalitetsutvikling gjennom heile ph.d.-løpet, frå opptak til disputas. Den som blir tilsett skal bidra med analyser, rapportering og utviklingsarbeid, og vere ein fagleg ressurs for leiing, institutt og kandidatar i spørsmål som gjeld forskarutdanning.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er nødvendige for å lukkast i stillinga.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til assisterande fakultetsdirektør Vibeke Kyrkjebø Irgan, vibeke.irgan@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.