Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Universitetet i Bergen søker ein erfaren forskar og undervisar som skal bidra til framifrå forsking og undervisning innan helsevitenskap og manuellterapi.
Den ideelle kandidaten har norsk doktorgrad i relevant fagfelt og mastergrad i manuellterapi med gyldig autorisasjon. Det vert lagt vekt på internasjonale forskingsnettverk og evne til å publisere på høgt nivå.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Ved fagområdet helsevitenskap forskast og undervisast det mellom anna i arbeidshelse, primærkontaktrollen og undersøking og behandling i primærhelsetenesta, muskelskjeletthelse, og kvinnehelse.Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.Det vert lagt særlig vekt på god og oppdatert forståelse av muskelskjeletthelse fra et primærkontaktperspektiv.
Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring . Førsteamanuensisvil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga.UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.
Utfyllande opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte fagområdeleder Silje Mæland, Silje.Maeland@uib.no .For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevarThomas McGonagle Bentsen, thomas.bentsen@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her .
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Vitskapeleg assistent ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin