Seniorkonsulent i Studieseksjonen ved Det medisinske fakultet (vikariat).

University of Bergen

Bergen

On-site

NOK 615,000 - 650,000

Full time

5 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar

Job summary

Universitetet i Bergen søker ein seniorkonsulent til studieseksjonen ved Det medisinske fakultet. Tiltreding er snarast mogleg, og vikariatet varar fram til 30. september 2027.

Seksjonen leverer og koordinerer studieadministrative tenester for alle utdanningane ved fakultetet. Arbeidsoppgåvene vil i stor grad vere knytt til medisinstudiet. Vi søkjer ein person med bachelorgrad og minst to år relevant administrativ erfaring.

Qualifications

  • Bachelorgrad og minst to års relevant administrativ erfaring.
  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren er føremon.
  • God digital kompetanse og ferdigheiter i administrative IT-verktøy.
  • Skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk.

Responsibilities

  • Sakshandsaming på studiefeltet knytt til studieprogresjon og godkjenning.
  • Informasjonsarbeid i infosenter og digitale kanalar.
  • Planlegging og gjennomføring av arrangement som studiestart og avslutningsseremoniar.
  • Administrasjon av mentorordninga ved fakultetet.

Skills

Kommunikasjon
Samarbeid
Initiativ
Selvstendighet
Norsk og Engelsk

Education

Bachelorgrad

Tools

Administrative IT-verktøy

Job description

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Seniorkonsulent i Studieseksjonen ved Det medisinske fakultet (vikariat).

Det medisinske fakultet ønskjer deg velkomen til å søkje eit vikariat som seniorkonsulent i studieseksjonen. Tiltreding er så snart som mogeleg, og vikariatet varar fram til 30.september 2027.

Seksjonen leverer og koordinerer studieadministrative tenester for alle utdanningane ved fakultetet. Arbeidsoppgåvene i stillinga vil i stor grad, men ikkje utelukkande, vere knytt til medisinstudiet.

Arbeidsoppgåver:
  • Sakshandsaming på studiefeltet, til dømes knytt til studieprogresjon, godkjenning av utdanning, tilrettelegging og klagesaker.
  • Informasjonsarbeid i infosenter og digitale kanalar.
  • Planlegging og gjennomføring av arrangement som studiestart og avslutningsseremoniar.
  • Administrasjon av mentorordninga ved fakultetet.

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjar må ha bachelorgrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Minimum to års relevant administrativ erfaring er eit krav.
  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren, og særleg studieadministrativt arbeid, er ein føremon.
  • God digital kompetanse og ferdigheiter innan administrative IT-verktøy er eit krav.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk er eit krav.

Vi søkjer ein person som

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.
  • er initiativrik, imøtekommande og løysingsorientert.
  • er systematisk og ansvarleg, og kan arbeide sjølvstendig.
  • har evne til å raskt sette seg inn i nye arbeidsoppgåver, arbeidsprosessar og digitale system.
  • vil bidra til det faglege og sosiale fellesskapet.

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:
  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Løn som seniorkonsulent (kode 1363) er for tida kr 615 000 - 650 000. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.
Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til leiar av studieseksjonen, Martha Houen Dahle, på tlf 55 58 63 40 eller e-post martha.dahle@uib.no. For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-seniorrådgjevar Therese Myhre Odfjell, på tlf. 55 58 52 88, epost: therese.odfjell@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Seniorkonsulent i Studieseksjonen ved Det medisinske fakultet (vikariat).
Seniorkonsulent i Studieseksjonen ved Det medisinske fakultet (vikariat).

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 615,000 - 650,000
Universitetslektor innen kiropraktikk (20% ekstraerverv)
Universitetslektor innen kiropraktikk (20% ekstraerverv)

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 655,000 - 705,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Rådgjevar (ph.d.-koordinator) ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Rådgjevar (ph.d.-koordinator) ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet

University of Bergen • Bergen

On-site
NOK 650,000 - 720,000
Fleksibel arbeidstid
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
+1
Førsteamanuensis i helsevitenskap
Førsteamanuensis i helsevitenskap

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 800,000 - 850,000
Seniorkonsulent (vikariat)
Seniorkonsulent (vikariat)

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 615,000 - 645,000
Professor II/Førsteamanuensis (20% ekstraerverv) i medisin (samfunnsmedisin)
Professor II/Førsteamanuensis (20% ekstraerverv) i medisin (samfunnsmedisin)

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 800,000 - 1,015,000
Seniorkonsulent i Studieseksjonen ved Det medisinske fakultet (vikariat).
Seniorkonsulent i Studieseksjonen ved Det medisinske fakultet (vikariat).

Martha Houen Dahle • Bergen

On-site
NOK 615,000 - 650,000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Anskaffelsesrådgjevar
Anskaffelsesrådgjevar

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 640,000 - 870,000
Gode velferdsordningar
Professor eller førsteamanuensis (50 %) i medisin (anestesiologi) ved Klinisk institutt 1
Professor eller førsteamanuensis (50 %) i medisin (anestesiologi) ved Klinisk institutt 1

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 800,000 - 1,015,000
Vitskapeleg assistent
Vitskapeleg assistent

Universitetet i Bergen • Bergen

On-site
NOK 473,000 - 578,000
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Top locations