Rådgjevar (ph.d.-koordinator) ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Universitetet i Bergen

Bergen

Vor Ort

NOK 650.000 - 720.000

Vollzeit

Vor 10 Tagen

Eine vollständige Bewerbung in einer Minute

Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.

Schaffe es an den ATS-Filtern vorbei

Zusammenfassung

Universitetet i Bergen søkjer ein ph.d.-koordinator ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga omfattar administrativ oppfølging, koordinering og vidareutvikling av ph.d.-programmet frå opptak til disputas, med analyse, rapportering og støtte til leiing, institutt og kandidatar.

Du vil arbeide tett med institutt og fakultetsleiinga, og bidra til eit kvalitetsarbeid og utvikling av rutinar, prosessar og informasjonsforvaltning.

Qualifikationen

  • Fullført mastergrad er eit krav.
  • Erfaring frå ph.d.-administrasjon eller studieadministrasjon er ønskjeleg.
  • God administrativ IT-kompetanse; kjennskap til universitetet sine system er ein fordel.
  • Evne til å arbeide systematisk, målretta og nøyaktig.

Aufgaben

  • Følgje opp sentrale prosessar gjennom ph.d.-løpet.
  • Bidra til utvikling av rutinar, prosessar og kvalitetssystem innan forskarutdanning.
  • Førebu og følgje opp saker til utval og leiing.
  • Webarbeid og informasjonsforvaltning innan arbeidsområdet.
  • Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kenntnisse

Administrativ IT-kompetanse
Systematisk arbeid
Målretta og nøyaktig

Ausbildung

Mastergrad
Ph.d.-administrasjon erfaring

Jobbeschreibung

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video:

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som rådgjevar med ansvar for ph.d. utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Fakultetet er organisert i fleire administrative einingar og seksjonar. Som ph.d.-koordinator blir du ein del av Seksjon for økonomi- og forskingsstøtte, som yter tenester til heile fakultetet.

Vi søkjer ein medarbeidar som ønskjer å arbeide med forskarutdanning i eit komplekst og kunnskapsintensivt miljø. Stillinga passar for deg som trivst med sjølvstendig ansvar, har god gjennomføringsevne og evnar å kombinere strategisk perspektiv med sans for detaljar. Du vil inngå i eit fagmiljø som arbeider med forskarutdanning ved fakultetet, og samarbeide tett med institutta, fakultetsleiinga og sentraladministrasjonen.

Ph.d.-koordinator har eit særskilt ansvar for administrativ oppfølging, koordinering og vidareutvikling av fakultetet sitt ph.d.-program. Stillinga omfattar sjølvstendig saksbehandling, rådgjeving og kvalitetsutvikling gjennom heile ph.d.-løpet, frå opptak til disputas. Den som blir tilsett skal bidra med analyser, rapportering og utviklingsarbeid, og vere ein fagleg ressurs for leiing, institutt og kandidatar i spørsmål som gjeld forskarutdanning.

  • Følgje opp sentrale prosessar gjennom ph.d.-løpet
  • Bidra til utvikling av rutinar, prosessar og kvalitetssystem innan forskarutdanning
  • Førebu og følgje opp saker til utval og leiing
  • Webarbeid og informasjonsforvaltning innan arbeidsområdet

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Fullført mastergrad er eit krav
  • Erfaring frå ph.d.-administrasjon eller studieadministrasjon er ønskjeleg
  • God administrativ IT-kompetanse; kjennskap til universitetet sine system er ein fordel
  • Evne til å arbeide systematisk, målretta og nøyaktig

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er nødvendige for å lukkast i stillinga.

  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Løn som rådgjevar (kode 1434), For tide utgjer det mellom kr. 650 000 - 720000 etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til assisterande fakultetsdirektør Vibeke Kyrkjebø Irgan, vibeke.irgan@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her .

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Hol dir deinen kostenlosen, vertraulichen Lebenslauf-Check.

oder ziehe deine Datei hierhin.

Similar jobs

Ähnliche Jobs, die dir auch gefallen könnten

Rådgjevar (ph.d.-koordinator) ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Rådgjevar (ph.d.-koordinator) ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Twoja Norwegia • Bergen

Vor Ort
NOK 650.000 - 720.000
Rådgjevar (ph.d.-koordinator) ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Rådgjevar (ph.d.-koordinator) ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Forskere ved Det juridiske fakultet • Bergen

Vor Ort
NOK 650.000 - 720.000
Fleksibel arbeidstid
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
+1
Professor II/Førsteamanuensis (20% ekstraerverv) i medisin (samfunnsmedisin)
Professor II/Førsteamanuensis (20% ekstraerverv) i medisin (samfunnsmedisin)

Universitetet i Bergen • Bergen

Vor Ort
NOK 800.000 - 1.015.000
Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima
Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

Universitetet i Bergen • Bergen

Vor Ort
NOK 505.000 - 683.000
Løn som stipendiat (kode 1017)
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Universitetslektor innen kiropraktikk (20% ekstraerverv)
Universitetslektor innen kiropraktikk (20% ekstraerverv)

Universitetet i Bergen • Bergen

Vor Ort
NOK 655.000 - 705.000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Stipendiat i sannsynsteori
Stipendiat i sannsynsteori

Universitetet i Bergen • Bergen

Vor Ort
NOK 534.000 - 653.000
Stipendiatstilling (1017)
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Professor eller førsteamanuensis (50 %) i medisin (anestesiologi) ved Klinisk institutt 1
Professor eller førsteamanuensis (50 %) i medisin (anestesiologi) ved Klinisk institutt 1

Universitetet i Bergen • Bergen

Vor Ort
NOK 800.000 - 1.015.000
Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima
Ph.d.-stipendiat i kvartærgeologi og paleoklima

Henriette Linge • Bergen

Vor Ort
NOK 580.000 - 620.000
Løn som stipendiat
Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Anskaffelsesrådgjevar
Anskaffelsesrådgjevar

Universitetet i Bergen • Bergen

Vor Ort
NOK 640.000 - 870.000
Gode velferdsordningar
Stipendiat i rein matematikk
Stipendiat i rein matematikk

Karoline Christiansen • Bergen

Vor Ort
NOK 534.000 - 653.000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Top-Standorte