Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
UiB søker ein rådgjevar knytt til ph.d.-utdanning ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga omfattar administrativ oppfølging og koordinering av ph.d.-løpet frå opptak til disputas, med ansvar for analysar og rapportering.
Du vil vere ein fagleg ressurs for leiing, institutt og kandidatar, og samarbeide tett med institutt og sentraladministrasjonen. Søkjarar bør ha sjølvstendig satsing og evne til å kombinere strategi med detaljar.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til fast stilling som rådgjevar med ansvar for ph.d. utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Fakultetet er organisert i fleire administrative einingar og seksjonar. Som ph.d.-koordinator blir du ein del av Seksjon for økonomi- og forskingsstøtte, som yter tenester til heile fakultetet.
Vi søkjer ein medarbeidar som ønskjer å arbeide med forskarutdanning i eit komplekst og kunnskapsintensivt miljø. Stillinga passar for deg som trivst med sjølvstendig ansvar, har god gjennomføringsevne og evnar å kombinere strategisk perspektiv med sans for detaljar. Du vil inngå i eit fagmiljø som arbeider med forskarutdanning ved fakultetet, og samarbeide tett med institutta, fakultetsleiinga og sentraladministrasjonen.
Ph.d.-koordinator har eit særskilt ansvar for administrativ oppfølging, koordinering og videreutvikling av fakultetet sitt ph.d.-program. Stillinga omfattar sjølvstendig saksbehandling, rådgjeving og kvalitetsutvikling gjennom heile ph.d.-løpet, frå opptak til disputas. Den som blir tilsett skal bidra med analyser, rapportering og utviklingsarbeid, og vere ein fagleg ressurs for leiing, institutt og kandidatar i spørsmål som gjeld forskarutdanning.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er nødvendige for å lukkast i stillinga.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til assisterande fakultetsdirektør Vibeke Kyrkjebø Irgan, vibeke.irgan@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her .