Rådgjevar Oppfølgingstenesta

Vestland fylkeskommune

Ulset

On-site

NOK 520,000 - 650,000

Full time

4 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Job summary

Vestland fylkeskommune i Bergen-området søkjer rådgjevar for Oppfølgingstenesta som kan hjelpa ungdom tilbake i vidaregåande opplæring og byggja nettverk for å auke gjennomføring og kompetanse.

Stillinga krev fleksibilitet, reiseverksemd i regionen og eit godt samarbeid med skular, kommunar og andre instansar. Det vert lagt vekt på engasjement og evne til å motivere ungdom og vaksne.

Qualifications

  • Utdanning frå universitet eller høgskule i relevante fag.
  • Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • God kjennskap til vidaregåande opplæring
  • God kjennskap til praksisfeltet og arbeidsmarknaden
  • Førarkort kl.B. då stillinga inneber mykje reiseverksemd

Responsibilities

  • Hjelpe ungdom tilbake i vidaregåande opplæring, slik at dei gjennomfører og får studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse.
  • Etablere kontakt med og halde oversikt over ungdomar i målgruppa.
  • Formidle tilbod om opplæring, arbeid eller kompetansefremjande tiltak, eller kombinasjonar av desse.
  • Halde kontakt med og bruke tilgjengelege nettverk til å skape og formidle tilbod til ungdom utanfor opplæring og arbeid.
  • Bidra til å skape fleirfagleg kompetanse i rettleiingstenesta.
  • Generelt sett forventar vi at rettleiingstenesta leverer tenester med høg fagleg kvalitet og arbeide førebyggande for at ungdom gjennomfører vidaregåande opplæring.

Skills

løysingsorientert
vidaregåande opplæring
praksisfeltet og arbeidsmarknaden

Education

Universitet eller høgskule i relevante fag
Førarkort klasse B

Job description

Vestland fylkeskommune har etablert rettleiingstenester for vidaregåande opplæring. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, kommunar, samarbeidsorgan, bedrifter, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, rettleie vaksne og yte pedagogisk-psykologiske tenester. Tenesta består av eit tverrfagleg team innen fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste, oppfølgingstenesta, opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne.

Rettleiingstenesta Bergensområdet nord dekkjer kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Kvam og Arna og Åsane bydel. Vi har kontorstad i nye Åsane vidaregåande skule.

Rettleiingstenesta Bergensområdet nord har ledig fast stilling i 100% som rådgjevar for Oppfølgingstenesta.

Som rådgjevar i Oppfølgingstenesta vil du ha følgjande arbeidsoppgåver:

  • hjelpe ungdom tilbake i vidaregåande opplæring, slik at dei gjennomfører og sit igjen med studiekompetanse, yrkeskompetanse eller grunnkompetanse
  • etablere kontakt med og halde oversikt over ungdomar i målgruppa
  • formidle tilbod om opplæring, arbeid eller kompetansefremjande tiltak, eller kombinasjonar av desse
  • halde kontakt med og bruke tilgjengelege nettverk til å skape og formidle tilbod til ungdom utenfor opplæring og arbeid
  • bidra til å skape fleirfagleg kompetanse i rettleiingstenesta

Generelt sett forventar vi at du skal medverke til at rettleiingstenesta leverer tenester med høg fagleg kvalitet og arbeide førebyggande for at ungdom gjennomfører vidaregåande opplæring.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har:

  • Utdanning frå universitet eller høgskule i relevante fag. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • God kjennskap til vidaregåande opplæring
  • God kjennskap til praksisfeltet og arbeidsmarknaden
  • Førarkort kl.B. da stillinga inneber mye reiseverksemd

Det er ein føresetnad for tilsetjing at det blir lagt fram politiattest. Søkjarar uten mastergrad vil bli tilsett i anna stillingsnemning.

Personlege eigenskapar
  • er løysingsorientert
  • har stort engasjement og evne til å motivere
  • arbeider strukturert, systematisk, sjølvstendig og målretta

Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Arbeidsoppgåver og arbeidsform i tenesta krev stor grad av sjølvstende. Andre arbeidsoppgåver innenfor tenesta kan bli lagt til stillinga. Du må rekne med mykje reiseverksemd i regionen.

  • Givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Vi er opptekne av trivsel i arbeidet, og å ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement
  • Vi legg til rette for rettleiing og opplæring
  • Stillingsnemning spesialkonsulent/rådgjevar/seniorrådgivar etter kvalifikasjonar og erfaring

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Rådgjevar for opplæring i bedrift
Rådgjevar for opplæring i bedrift

Vestland fylkeskommune • Ulset

On-site
NOK 520,000 - 760,000
Rådgjevar Oppfølgingstenesta
Rådgjevar Oppfølgingstenesta

Rettleiingstenesta Bergensområdet nord, Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 720,000
Vil du jobbe innan kontor og administrasjon?
Vil du jobbe innan kontor og administrasjon?

Vestland fylkeskommune • Stord

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Pensjonsordningar
Fagleg utvikling
Spennande arbeidsmiljø
+1
Rådgjevar/Spesialkonsulent
Rådgjevar/Spesialkonsulent

Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 580,000 - 740,000
Yrkesfaglærar, Teknologi og Industrifag
Yrkesfaglærar, Teknologi og Industrifag

Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Vil du jobbe innan kontor og administrasjon?
Vil du jobbe innan kontor og administrasjon?

Rettleiingstenesta Vestland sør, Vestland fylkeskommune • Leirvik

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Gode offentlege pensjons- og forsikr
Rådgjevar for opplæring i bedrift
Rådgjevar for opplæring i bedrift

Rettleiingstenesta Bergensområdet nord, Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 560,000 - 800,000
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Løn etter avtale
Rådgjevar for opplæring i bedrift
Rådgjevar for opplæring i bedrift

Magne Ottar Espelid • Bergen

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Pensjonsordning
Gode forsikringsvilkår
Konkurransedyktig lønn
+1
Faglærar
Faglærar

Vestland fylkeskommune • Kleppestø

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Gode forsikringsordningar
Rådgjevar for kontrollutvala
Rådgjevar for kontrollutvala

Sekretariat for kontrollutvalet, Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Top locations