Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Vestland fylkeskommune søkjer ein fast rådgjevar for opplæring i bedrift i Bergensområdet nord. Stillinga er 100% og krev sjølvstende i planlegging og gjennomføring av veiledningstenester for elevar og lærlingar.
Du vil bidra til fagleg kvalitet og tett oppfølging av skular og lærebedrifter, vere kursinstruktør for faglege leiarar og prøvenemndsmedlemmer, og rettleie elevar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring.
Vestland fylkeskommune har etablert rettleiingstenester for vidaregåande opplæring. Primæroppgåva til tenesta er å leggje til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skulane, kommunar, samarbeidsorgan, bedrifter, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, rettleie vaksne og yte pedagogisk-psykologiske tenester. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste, oppfølgingstenesta, opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne.
Rettleiingstenesta Bergensområdet nord dekkjer kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Kvam og Arna og Åsane bydel. Vi har kontorstad i nye Åsane vidaregåande skule.
Rettleiingstenesta Bergensområdet nord har ledig fast stilling i 100% som rådgjevar for opplæring i bedrift.
Bidra til at rettleiingstenesta leverer tenester med høg fagleg kvalitet i elevane og lærlingane sine læringsmiljø ved å:
Arbeidsoppgåver og arbeidsform i tenesta krev stor grad av sjølvstende. Andre arbeidsoppgåver innanfor tenesta kan bli lagt til stillinga. Du må rekne med mykje reiseverksemd ut til lærebedriftene i regionen.
Vi søkjer deg som har:
Det er ein føresetnad for tilsetjing at det blir lagt fram politiattest. Søkjarar utan mastergrad vil bli tilsett i anna stillingsnemning.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.