Faglærar

Vestland fylkeskommune

Kleppestø

On-site

NOK 550,000 - 750,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Gode forsikringsordningar

Job summary

Askøy vidaregåande skule søker lærarar til avdeling for teknologi- og industrifag. Fast heile stillingar frå 1. januar 2027, hovudsakleg Vg1/Vg2-nivå.

Skulen tilbyr programområda industriteknologi og kjøretøy, og kontaktlærarfunksjon kan vere aktuelt. Du vil ha ansvar for oppfølging av elevane og samarbeid med føresette, kollegaer og næringsliv for å sikre god opplæring og førebuing til læreplassar. Alle søkjarar må oppfylle krav til utdanning og praksis som nemnt over, og må vere villige til å

Qualifications

  • Krav om fagbrev og yrkespraksis i relevante fag.
  • Universitets- eller høgskoleutdanning med pedagogisk kompetanse før tilsatt i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
  • Fag- eller sveinebrev eller anna yrkesfaglig vidaregåande opplæring, kombinert med to års yrkesteoretisk utdanning og fire års yrkespraksis.
  • Lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng.
  • Personlege eigenskapar som samarbeid, sjølvstende og evne til å arbeide i profesjonsteam.

Responsibilities

  • Oppfølging av elevane og støtte i fagleg, sosiale og personlege utvikling.
  • Samarbeid med føresette for elevar under 18 år, spesielt for kontaktlærar.
  • Koordinere arbeid rundt klassen i tett samarbeid med faglærarar.
  • Samarbeide med kollegaer, leiing, opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass.
  • Holde seg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.

Skills

Fagbrev
Yrkespraksis
Pedagogisk kompetanse
Fagkompetanse i programområde

Education

Universitets- eller høgskoleutdanning (180 studiepoeng)
Pedagogisk utdanning (15 studiepoeng+)
Faglærer- eller sveinebrev/yrkesfaglig utdanning

Job description

Trivst du med ungdom, er engasjert i faget ditt og opptatt av å sikre gode og kvalifiserte yrkesutøvarar for framtida?

Askøy videregående skole har no ledig to faste stillingar som lærar på avdeling for teknologi- og industrifag. Stillingane er ledige frå 1. januar 2027.

Vi oppmodar kvinner om å søkje.

Vi legg stor vekt på at fagopplæringa er i tråd med behov og krav i arbeidslivet, og at skule- og læringsmiljøet skal vere inkluderande, trygt og godt. Skulen fekk i 2023 nye verkstader i det nye bygget vårt, noko som gir oss eit mangfald av moglegheiter. Vi legg vekt på å utvikle inkluderande praksisar, med mål om at alle elevane våre skal få utvikle sitt potensiale, og ha eit godt utbytte av opplæringa. Vi har eit godt samarbeid med næringslivet, og arbeider aktivt med å utvikle dette for å kunne gje elevane våre relevant og god opplæring.

Stillingane er 100 % fast stilling med undervisning, hovudsakleg i utdanningsprogrammet teknologi og industrifag.

Stillingane vil innebere undervisning på Vg1 teknologi og industrifag og/eller Vg2-nivå. Skulen tilbyr programområda industriteknologi og køyretøy.
Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.

  • Som lærar har du ansvar for oppfølging av elevane, og å støtte dei i deira faglege, sosiale og personlege utvikling.
  • For elevar under 18 år er samarbeidet med føresette ein viktig del av denne oppfølginga, spesielt for kontaktlærar.
  • Kontaktlærar skal samtidig koordinere arbeidet rundt klassen og enkeltelevar, i tett samarbeid med faglærarane i klassen.
  • Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane.
  • Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
Kvalifikasjonar

For tilsetting i stillingane er det krav om fagbrev og yrkespraksis, i fag som er relevant for programområdet.

Det er ønskjeleg med:

Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa.Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:

b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.

d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.

e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut fra behova til elevane.

Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.

Personlege eigenskapar
  • Du tek initiativ til samarbeid, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
  • Du er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, og tar ansvar for å utvikle avdelinga sitt samla tilbod til elevane.
  • Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
  • Alle som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
  • Eit aktivt og stimulerande fagmiljø på ein skule i utvikling, med eleven i fokus.
  • Gode høve til eiga læring og utvikling i eit profesjonelt læringsfellesskap.
  • Gode moglegheiter til å vere med å utvikle fagtilbudet ved skulen.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Adresse: Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø, Norge

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Yrkesfaglærar, Teknologi og Industrifag
Yrkesfaglærar, Teknologi og Industrifag

Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kunstner med undervisningskompetanse i norskfaget
Kunstner med undervisningskompetanse i norskfaget

Vestland fylkeskommune • Ulset

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Faglærer i helse- og oppvekstfag
Faglærer i helse- og oppvekstfag

Vestland fylkeskommune • Bremnes

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Høve til eiga læring og utvikling
Faglærer i helse- og oppvekstfag
Faglærer i helse- og oppvekstfag

Vestland fylkeskommune • Bremnes

On-site
NOK 550,000 - 750,000
Aktivt fagmiljø
Gode lærings- og utviklingsmuligheter
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Avdelingsleder teknologi- og industrifag/elektro og datateknologi
Avdelingsleder teknologi- og industrifag/elektro og datateknologi

Vestland fylkeskommune • Ulset

On-site
NOK 900,000 - 1,100,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Rådgjevar/Spesialkonsulent
Rådgjevar/Spesialkonsulent

Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 580,000 - 740,000
Kunstner med undervisningskompetanse i norskfaget
Kunstner med undervisningskompetanse i norskfaget

Åsane vgs, Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 420,000 - 560,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Miljøarbeidar
Miljøarbeidar

Vestland fylkeskommune • Kleppestø

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Tilkallingsvikar knytt undervisning på helse- og oppvekstfag
Tilkallingsvikar knytt undervisning på helse- og oppvekstfag

Vestland fylkeskommune • Norway

On-site
NOK 312,000 - 402,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Aktivt fagmiljø
Vikariat engelsk
Vikariat engelsk

Vestland fylkeskommune • Bergen

On-site
NOK 450,000 - 650,000
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Top locations