Eine vollständige Bewerbung in einer Minute
Maßgeschneiderter Lebenslauf und Anschreiben – versandbereit.
NTNU i Ålesund søker rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling som kan støtte tilsette,gjere komplekse tema forståelege og bidra til effektive arbeidsprosessar. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø, med rolle i utviklinga av framtidas informasjonsforvaltning ved NTNU.
Arbeidsplassen er campus Ålesund, med nært samarbeid med NTNUs andre campus. Politisk uavhengig, fagleg utvikling og moglegheit for påverknad i lag med 32 kollegaer.
NTNU er eit breiddeuniversitetmed ein teknisk-naturvitskapleg hovudprofil og eit tyngdepunkt innan profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i Ålesund, Gjøvik og Trondheim, der Trondheim er hovudsete.
På NTNU jobbar over 8300 tilsette og 43000 studentar med å skape kunnskap for ei betre verd.
NTNUiÅlesundbeståravfeminstituttogharfagleghovudprofilinnanforhav,helse,teknologioginternasjonalbusiness.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_KHQjc4ndas&t=41s
vere med å utvikle korleis NTNU forvaltar, deler og nyttar informasjon på ein framtidsretta og berekraftig måte.
I denne stillinga får du arbeide i skjeringspunktet der teknologi møter fag og menneske. Du vil støtte tilsette i arbeidskvardagen, gjere komplekse tema forståelege og bidra til smartare og meir brukervennlege arbeidsprosessar.
NTNU moderniserar no saksbehandlings- og arkivområdet, mellom anna gjennom overgangen frå Elements til WebSak. Du får høve til å ta del i denne utviklinga og bidra med opplæring, rådgiving, systemstøtte og forbetring av digitale løysingar.
Ved NTNU får du ein variert arbeidskvardag, ei brei kontaktflate og høve til å påverke utviklinga av fagområdet. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø som deler kunnskap, utforskar nye løysingar og samarbeider på tvers av campusane ved NTNU.
Arbeidsplassen din er ved campus Ålesund, med tett samarbeid med kollega ved NTNUs øvrige campus. Du får ei sentral rolle i utviklinga av framtidas informasjonsforvaltning ved NTNU, samt varierte arbeidsoppgaver innan digitalisering, automatisering, KI og nye systemløysingar. Du vil også få ta del i eit sterkt, tverrfagleg fagmiljø med gode moglegheiter for utvikling og påverknad i lag med 32 andre medarbeidarar.
Du vert tilsett i seksjon for informasjonsforvaltning. Seksjonssjefen er din næraste leiar.
Planlegge og gjennomføre opplæring og utvikle digitale læringsressurser for saksbehandlere.
Gi råd om informasjonsforvaltning, dokumentasjon, saksbehandling og relevant regelverk.
Bistå brukere og utføre systemadministrative oppgaver i aktuelle saksbehandlingsløsninger.
Bidra til innføring av WebSak og forbedring av rutiner, systemer og integrasjoner.
Utforske og ta i bruk teknologi som kan effektivisere og forbedre NTNUs tjenester.
Utføre arkivfaglige oppgaver og bidra til kvalitet, etterlevelse og videreutvikling av fagområdet.
Vi forventar ikkje at du kan alt. Det viktigaste er at du er nysgjerrig på nye løysingar og motivert for å utvikle deg saman med oss.
nysgjerrig, utviklingsorientert og ser moglegheiter for forbetring. Du tek initiativ, arbeider sjølvstendig og systematisk og finn gode løysingar på utfordringar. Du kommuniserer tydeleg og gjer komplekse problemstillingar forståelege. Samtidig samarbeider du godt med andre, deler kunnskap og bidreg til eit godt fagmiljø på tvers av dei ulike campusane.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt din motivasjon for stillinga.
I stillingskode 1434 rådgjevar vil du normalt lønast frå brutto kr 600 000 til kr 680 000 pr. år avhengig av kvalifikasjonar. I stillingskode 1364 som seniorrådgjevar vil du normalt lønast frå brutto kr 700 000 til kr 800 000. For særleg godt kvalifiserte søkarar kan ein noko høgare lønsinnplassering vurderast. Frå løna vert det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Tilsettinga vert gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven , og lovverk som regulerar eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Etter tilsettinga må du rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.