Rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling

NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Ålesund

Sur place

NOK 600 000 - 680 000

Plein temps

Il y a 4 jours
Soyez parmi les premiers à postuler

Obtenez une réponse de cet employeur

Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.

Passez les filtres ATS

Résumé du poste

NTNU, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, søkjer rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling til campus Ålesund. Du vil vere med å forma korleis NTNU forvaltar, delar og nyttar informasjon i eit framtidsretta og berekraftig miljø.

Du vil arbeide i skjæringspunktet mellom teknologi, fag og menneske, støtte tilsette i kvardagen, gjere komplekse tema enklare og bidra til smarte arbeidsprosessar innan digitalisering, automatisering, KI og innføring av nye løysingar.

Qualifications

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, eller tilsvarande erfaring.
  • Erfaring frå informasjons- og dokumentasjonsforvaltning, arkiv eller saksbehandling.
  • Kjennskap til offentleg forvaltning og regelverk er ein fordel.

Responsabilités

  • Arbeide i skjæringspunktet mellom teknologi, fag og menneske og støtte tilsette i kvardagen.
  • Gjere komplekse tema forståelege og bidra til smartere arbeidsprosessar.
  • Bidra i modernisering av saksbehandlings- og arkivområdet, inkludert overgang til nye systemløysingar.

Connaissances

Nysgjerrig
Utviklingsorientert
Initiativ
Samarbeidsvillig
Kommunikasjon
Selvstendig arbeid

Formation

Bachelorgrad eller høgare

Outils

Systemadministrasjon
Testing
Brukarstøtte
Databasar
Integrasjonar

Description du poste

Rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling

Stillingstittel Rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling (70/26)

NTNU er eit breiddeuniversitetmed ein teknisk-naturvitskapleg hovudprofil og eit tyngdepunkt
innan profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i Ålesund, Gjøvik og Trondheim, der Trondheim er hovudsete.

På NTNU jobbar over 8300 tilsette og 43000 studentar med å skape kunnskap for ei betre verd.

Som rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling vil du få

vere med å utvikle korleis NTNU forvaltar, deler og nyttar informasjon på ein framtidsretta og berekraftig måte.

I denne stillinga får du arbeide i skjeringspunktet der teknologi møter fag og menneske. Du vil støtte tilsette i arbeidskvardagen, gjere komplekse tema forståelege og bidra til smartare og meir brukarvennlege arbeidsprosessar.

NTNU moderniserar no saksbehandlings- og arkivområdet, mellom anna gjennom overgangen frå Elements til WebSak. Du får høve til å ta del i denne utviklinga og bidra med opplæring, rådgiving, systemstøtte og forbetring av digitale løysingar.

Ved NTNU får du ein variert arbeidskvardag, ei brei kontaktflate og høve til å påverke utviklinga av fagområdet. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø som deler kunnskap, utforskar nye løysingar og samarbeider på tvers av campusane ved NTNU.

Arbeidsplassen din er ved campus Ålesund, med tett samarbeid med kollega ved NTNUs øvrige campus. Du får ei sentral rolle i utviklinga av framtidas informasjonsforvaltning ved NTNU, samt varierte arbeidsoppgåver innan digitalisering, automatisering, KI og nye systemløysingar. Du vil også få ta del i eit sterkt, tverrfagleg fagmiljø med gode moglegheiter for utvikling og påverknad i lag med 32 andre medarbeidarar.

For å vere kvalifisert for stillinga, må du ha
  • relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå. Omfattande relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • relevant erfaring frå informasjons- og dokumentasjonsforvaltning, arkiv eller saksbehandling
  • erfaring frå offentleg forvaltning og kjennskap til relevant lov- og regelverk
Det er ein fordel om du også har kompetanse innan:
  • systemadministrasjon, testing, brukarstøtte, databasar eller integrasjonar
  • universitets- og høgskulesektoren eller anna offentleg verksemd
    Vi forventar ikkje at du kan alt. Det viktigaste er at du er nysgjerrig på nye løysingar og motivert for å utvikle deg saman med oss.
For å trivast og lykkast godt i stillinga, ser vi for oss at du er

nysgjerrig, utviklingsorientert og ser moglegheiter for forbetring. Du tek initiativ, arbeider sjølvstendig og systematisk og finn gode løysingar på utfordringar. Du kommuniserer tydeleg og gjer komplekse problemstillingar forståelege. Samtidig samarbeider du godt med andre, deler kunnskap og bidreg til eit godt fagmiljø på tvers av dei ulike campusane.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg vi vekt på utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt din motivasjon for stillinga.

  • spennande og utviklande oppgåver i eit sterkt og internasjonaltfagmiljø
  • vere ein del av eit universitet som arbeidar målretta for å vere verdsleiande i sine felt
Løn og vilkår som er gjeldande for stillinga

I stillingskode 1434 rådgjevar vil du normalt lønast frå brutto kr 600 000 til kr 680 000 pr. år avhengig av kvalifikasjonar. I stillingskode 1364 som seniorrådgjevar vil du normalt lønast frå brutto kr 700 000 til kr 800 000. For særleg godt kvalifiserte søkarar kan ein noko høgare lønsinnplassering vurderast. Frå løna vert det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
Tilsettinga vert gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven , og lovverk som regulerar eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Etter tilsettinga må du rekne med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.

Ved NTNU, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, blir det skapt kunnskap for ei betre verd og løysingar som kan endre kvardagen.

Obtenez votre examen gratuit et confidentiel de votre CV.

ou faites glisser et déposez votre fichier ici.

Similar jobs

Postes similaires à comparer

Rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling
Rådgjevar innan digital informasjonsforvaltning og utvikling

NTNU • Ålesund

Hybride
NOK 600 000 - 800 000
Førstekonsulent
Førstekonsulent

Ntnu • Ålesund

Hybride
NOK 550 000 - 650 000
Førstekonsulent
Førstekonsulent

NTNU - Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet • Ålesund

Sur place
NOK 550 000 - 650 000
Virksomhetsarkitekt
Virksomhetsarkitekt

NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet • Trondheim

Sur place
NOK 700 000 - 1 000 000
Rådgiver NTNU Konferanser
Rådgiver NTNU Konferanser

NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet • Trondheim

Sur place
NOK 630 000 - 670 000
Studiekonsulent
Studiekonsulent

NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet • Trondheim

Sur place
NOK 620 000 - 680 000
Rådgiver NTNU Konferanser
Rådgiver NTNU Konferanser

Monica Amundsen • Trondheim

Sur place
NOK 630 000 - 670 000
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Fleksibel arbeidshverdag
Virksomhetsarkitekt
Virksomhetsarkitekt

Annette Ysland Ludvigsen • Trondheim

Sur place
NOK 760 000 - 1 000 000
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Studiekonsulent
Studiekonsulent

Norwegian University of Science and Technology (NTNU) • Trondheim

Sur place
NOK 520 000 - 640 000
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Stipendiatstilling innen dokumentasjonsforvaltning, demokratisk beredskap og KI i offentlig sektor
Stipendiatstilling innen dokumentasjonsforvaltning, demokratisk beredskap og KI i offentlig sektor

NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet • Trondheim

Sur place
NOK 330 000 - 551 000
gunstige vilkår i Statens pensjonskass