A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Haram kommune i Brattvåg søker ein rådgjevar i fagstaben for Livsløp som vikar, og som vil støtte kommunalsjefen og tenesteleiarane i planarbeid, sakshandsaming og tenesteutvikling. Du vil leie og koordinere BTI-innføringa, samarbeide med leiarar og ressurspersonar om opplæring, og sikre at modellen tas i bruk dagleg.
Vi søkjer ei person med relevant utdanning, god norsk framstillingsevne og digital kompetanse.
Vil du jobbe tett på leiinga og bidra til å utvikle tenestene i Haram kommune? Vi søkjer ein rådgjevar til fagstaben for Livsløp i eit vikariat medan ein av medarbeidarane våre er i foreldrepermisjon.
Kommunalområdet Livsløp omfattar helsetenester, pedagogisk fagsenter og vaksenopplæring, helsestasjon og ressursbase, barnevern, Nav. Vi er opptekne av å spele kvarandre gode og samarbeide på tvers, slik at innbyggjarane får samanhengande oppfølging når dei treng hjelp fra fleire tenester.
Som rådgjevar i fagstaben støttar du kommunalsjefen og tenesteleiarane i planarbeid, sakshandsaming og tenesteutvikling. Du følgjer opp tenesteområda, utarbeider saksframlegg og avgjerdsgrunnlag og koordinerer utviklingsarbeid som involverer fleire tenester.
Ei av oppgåvene dine er å leie og koordinere innføringa av betre tverrfagleg innsats (BTI) i Haram kommune. Du samarbeider med leiarar og ressurspersonar om opplæring og følgjer opp at tenestene tek modellen i bruk i det daglege arbeidet.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Det er ein fordel med erfaring frå offentleg forvaltning, sakshandsaming eller utviklingsarbeid på tvers av tenester. Kjennskap til BTI eller erfaring med å innføre nye arbeidsmåtar i ei verksemd er òg ein fordel.
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.Fjord, fjell og nydeleg natur rett utenfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur fra Ålesund sentrum, 35 minutt fra Moa-området og 45 minutt fra Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.