A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Eidet skule i Haram kommune søker ein barne- og ungdomsarbeidar i eit 100% årsvikariat Grunna fødselspermisjon frå 01.01.2027 til 31.12.2027. Skulen ligg mellom Vatne og Tennfjord, og SFO er nært. Ein flott ny skule med moderne fasilitetar for elevane.
Du vil vere ein trygg vaksen for elevane, samarbeide tett med tilsette, og delta i daglege aktivitetar og støtte til elevar med særskilte behov. Krav inkluderer fagbrev og godkjent politiattest.
Eidet skule, Haram kommune
Har du lyst å vere med og arbeide som barne- og ungdomsarbeidar på Eidet skule og SFO i Haram kommune? Vi har ledig eit 100% årsvikariat grunna fødselspermisjon frå 01.01. til 31.12.2027. Stillinga følgjer vanleg arbeidsår. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med om lag 400 elevar frå 1. til 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord, ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med iPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.
Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Visjonen til Eidet skule er "Eigne steg, felles veg". Det er tett samarbeid mellom skule og SFO. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.
I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Ole André Lukkedal,Rektor,48112398,ole.andré. lukkedal@haram.kommune.no
Vatnevegen 41
6265VATNE
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5197928185
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 08.11.2026
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.Fjord, fjell og nydeleg natur rett utenfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt fra Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.