A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Haram kommune søkjer helsefagarbeidar i inntil 100% fast stilling ved Indre Haram heimeteneste i Tennfjord. Stillinga går i turnus og arbeidar kvar tredje helg. Heimetenesta ligg ved Eidet omsorgssenter med enkel tilgang til Moa.
Arbeidsoppgåver inkluderer helsefaglege oppgåver, omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientar, tverrfagleg samarbeid, dokumentasjonsrutinar, og rettleiing av medarbeidarar og studentar. Krav: fagbrev, gode norskkunnskapar og politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader.
Haram kommune søkjer etter helsefagarbeidar i inntil 100% fast stilling, for tida ved indre Haram Heimeteneste, iTennfjord. Stillinga har for tida arbeid i turnus, med arbeid kvar 3. helg. Indre Haram heimeteneste har samarbeid med Eidet Omsorgssenter og dei to avdelingane der. Heimetenesta har base på Eidet omsorgssenter, som ligg sentralt til, ca 20 min med bil frå Moa.
Vi er open for nye arbeidsmetodar og turnusløysingar som gagnar både tenestemottakarane og dei tilsette. Vi ønskjer å oppretthalde gode arbeidsmiljø, og skape ein god heim for bebuarane våre.Heimetenesta Indre Haram er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre.
Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Camilla Walderhaug Lundberg,Konstituert avdelingsleiar,47516769,camilla.walderhaug.lundberg@haram.kommune.no
Maria Elizabeth Marthinussen,Tenesteleiar,94051001,maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no
Trolldalssletta
6264Tennfjord
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5182515275
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2026