A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Haram kommune søkjer rådgjevar i fagstaben for Livsløp med ansvar for å leie BTI-innføringa og samhandling på tvers av tenester. Du vil støtte kommunalsjef og tenesteleiarar i planarbeid, sakshandsaming og utviklingsarbeid, og koordinere utviklingsprosjekt som involverer fleire tenester.
Rådgjevaren har relevant høgare utdanning, god skriftleg og munnleg framstillingsevne på nynorsk og god digital kompetanse.
Vil du jobbe tett på leiinga og bidra til å utvikle tenestene i Haram kommune? Vi søkjer ein rådgjevar til fagstaben for Livsløp i eit vikariat medan ein av medarbeidarane våre er i foreldrepermisjon.
Kommunalområdet Livsløp omfattar helsetenester, pedagogisk fagsenter og vaksenopplæring, helsestasjon og ressursbase, barnevern, Nav. Vi er opptekne av å spele kvarandre gode og samarbeide på tvers, slik at innbyggjarane får samanhengande oppfølging når dei treng hjelp frå fleire tenester.
Som rådgjevar i fagstaben støtter du kommunalsjefen og tenesteleiarane i planarbeid, sakshandsaming og tenesteutvikling. Du følgjer opp tenesteområda, utarbeider saksframlegg og avgjerdsgrunnlag og koordinerer utviklingsarbeid som involverer fleire tenester.
Ei av oppgåvene dine er å leie og koordinere innføringa av betre tverrfagleg innsats (BTI) i Haram kommune. Du samarbeider med leiarar og ressurspersonar om opplæring og følgjer opp at tenestene tek modellen i bruk i det daglege arbeidet.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Det er ein fordel med erfaring frå offentleg forvaltning, sakshandsaming eller utviklingsarbeid på tvers av tenester. Kjennskap til BTI eller erfaring med å innføre nye arbeidsmåtar i ei verksemd er òg ein fordel.
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Frode Bøe Hatlelid,Kommunalsjef,92243788,frode.boe.hatlelid@haram.kommune.no
Strandgata 40
6270Brattvåg
Arbeidsgiver: Haram kommune
Referansenr.: 5208367593
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 29.11.2026