Lærar

Eidet skule, Haram kommune

Vatne

On-site

NOK 550,000 - 650,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

God pensjonsordning gjennom SPK

Job summary

Eidet skule i Haram kommune søkjer to lærarar til 100% vikariat for resten av skuleåret 2026-2027. Stillingane vil vere på mellomtrinnet og ungdomstrinnet frå no og ut perioden, med ønske om snarlig oppstart.

Skulen er ny og har moderne fasilitetar, inkludert spesialrom og 1-1-dekning. Vi vektlegg eit trygt og inkluderande skulemiljø og tett samarbeid med kollegaer og heimene.

Qualifications

  • Krav om godkjent undervisningskompetanse og formell utdanning i undervising i grunnskulen.
  • Breie fagkompetanse og evne til å undervise i fleire fag.
  • Engelsk og spesialpedagogikk blir vurdert som positive tillegg.
  • Gode norske språkferdigheiter; nynorsk brukes i opplæringa.

Responsibilities

  • Planleggje og leie elevane si læring i klassane på mellom- og/eller ungdomstrinnet.
  • Tilretteleggje undervisning for smågrupper og elevar som treng særskilt oppfølging.
  • Gi elevane omsorg, respekt, og forventningar.
  • Følgje opp fagleg og sosial utvikling hos elevane.
  • Samarbeide tett med kollegiet og føresette.

Skills

Engelsk
Spesialpedagogikk
Norskkunnskap
Digital kompetanse

Education

Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen
Brede fagkompetansar
Engelsk kompetanse
Nynorsk som opplæringsspråk

Job description

Har du lyst å vere med og arbeide som lærar på Eidet skule? Vi søkjer etter to lærarar til 100% vikariatstilling resten av skuleåret 2026-2027 med ønskje om oppstart snarast råd etter tilsetjing. Stillingane vil vere på mellomtrinnet og ungdsomstrinnet. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med i underkant av 400 elevar frå 1. til 10. trinn. Visjonen til skulen er; "Eigne steg, felles veg". Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek. Du kan vere med og skape ein skulekultur og innhald i den nye skulen til det beste for barn og unge i kommunedelen.Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi vil samarbeide tett i kollegiet og det profesjonelle læringsfelleskapet. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.

I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver
  • Planleggje og leie elevane si læring
  • Individuell tilrettelagt undervisning for smågrupper og enkeltelevar vil vere ein del av undervisninga
  • Gje elevane omsorg, respekt, anerkjenning og forventningar
  • Oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling
  • Verdsette og bidra til eit godt samarbeid mellom skule og heim
  • Samarbeide godt med andre faginstansar
  • Arbeide aktivt med å skape eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø
  • Vere ein aktiv del av eit profesjonsfagleg læringsfelleskap i utviklingsarbeid
  • Stillinga og arbeidsoppgåvene vil vere på mellom- og/eller ungdomstrinnet, alt etter skulen sitt samla behov og kompetanse til søkjarar. Oppgje gjerne kva som er aktuelt/ønskjeleg i søknaden.
Kvalifikasjonar
  • Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen og formell utdanning i undervisningsfag
  • Det er ein fordel med brei fagkompetanse og at ein stettar formelle krav til undervisning i fleire fag
  • Engelsk og spesialpedagogikk er kompetanse som vil vere positivt
  • Gode norskferdigheiter. Vi nyttar nynorsk i opplæringa
  • God digital kompetanseGodkjent politi- og tuberkulinattest
Personlege eigenskapar
  • Tydeleg og varm klasseleiar med positivt elevsyn
  • God på å byggje relasjonar
  • Likar å samarbeide tett med kollegaer
  • Strukturert og løysingsorientert
  • Raus og inkluderande
  • Lagspelar som deler eigen kompetanse
  • Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr
  • Spanande lærarstillingar der ein kan vere med og skape innhald og kultur i ein ny skule
  • Topp moderne undervisningslokale og arbeidsplassar
  • Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å skape eit trygt og godt skulemiljø
  • God pensjonsordning gjennom SPK
  • Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der svært mykje positiv aktivitet vert skapt
Kontaktinformasjon

Ole André Lukkedal,Rektor,48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no

Arbeidssted

Vatnevegen 41
6265VATNE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Haram kommune
Referansenr.: 5205981343
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 29.11.2026

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.Fjord, fjell og nydeleg natur rett utenfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt fra Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Miljøterapeut
Miljøterapeut

Eidet skule, Haram kommune • Vatne

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Tariffavtale lønn
Pensjonsordning
Barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO
Barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO

Eidet skule, Haram kommune • Vatne

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Spennande stilling
Moderne skule
Godt arbeidsmiljø
+3
Tilkallingsvikarar som lærar og assistent
Tilkallingsvikarar som lærar og assistent

Arbeidsplassen • Vatne

On-site
NOK 450,000 - 550,000
Betydning for barn
Moderne skule/SFO
Godt arbeidsmiljø
+2
Tilkallingsvikarar
Tilkallingsvikarar

Brattvåg barneskule, Haram kommune • Brattvåg

On-site
NOK 250,000 - 320,000
Lærar
Lærar

Ole André Lukkedal • Haram

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Topp moderne undervisningslokale
Løn etter kvalifikasjonar
Spennande arbeidsmiljø
+2
Barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO
Barne- og ungdomsarbeidar i skule og SFO

Ole André Lukkedal • Haram

On-site
NOK 450,000 - 580,000
Rådgjevar
Rådgjevar

Kommunalområde Livsløp, Haram kommune • Brattvåg

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Restaurant død
Barne- og ungdomsarbeidar
Barne- og ungdomsarbeidar

Gro Olsen Jenssen • Ulvestad

On-site
NOK 420,000 - 520,000
Løn etter tariff
God pensjonsordning
Miljøterapeut
Miljøterapeut

Ole André Lukkedal • Haram

On-site
NOK 480,000 - 600,000
Positivt arbeidsmiljø
Fagleg utvikling
Løn i samsvar med tariffavtale
+1
Barne- og ungdomsarbeidar
Barne- og ungdomsarbeidar

Avdeling Tennfjord barnehage, Haram kommune • Ulvestad

On-site
NOK 380,000 - 520,000
Utviklingsorientert faglig miljø
God pensjonsordning
Top locations