A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Eidet skule i Haram kommune søker ein engasjert miljøterapeut til mellomtrinnet og ungdomstrinnet. 80% fast stilling som følger skuleåret med moglegheit til å utvide til 100% ved SFO når den er open utanom skuleåret. Skulen ligg mellom Vatne og Tennfjord og har moderne fasilitetar.
Du vil vere ein viktig støttespelar for elevar, tilsette og føresette. Arbeidskvardagen vil vere på mellomtrinnet og ungdomstrinnet, og vi søker ein person som er omsorgsfull, trygg i møte med barn og unge og god i
Vi søkjer ein engasjert, tydeleg, strukturert, varm og energisk miljøterapeut som ønskjer å vere med å skape gode skuledagar for elevar ved Eidet skule. Du vil vere ein viktig støttespelar for elevar, tilsette og føresette ved skulen. Vi har ledig 80% fast stilling som følgjer skuleåret til lærarane, med moglegheit til å utvide den til 100% om ein vil arbeide på SFO når den er open utanom skuleåret. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med om lag 400 elevar frå 1. - 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Visjonen til Eidet skule er Eigne steg, felles veg. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord, ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med iPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek. Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av. I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida. Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidskvardagen vil hovedsakleg vere på mellomtrinnet og ungdomstrinnet
Arbeidskvardagen vil hovedsakleg vere på mellomtrinnet og ungdomstrinnet
Skulen ønskjer ein person med positivt elevsyn og eit sterkt engasjement for barn og unge si utvikling.
Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt.
Ole André Lukkedal,Rektor,48078837, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no
Vatnevegen 41 6265VATNE
Arbeidsgiver: Haram kommune Referansenr.: 5206056998 Stillingsprosent: 80% Fast Startdato: 01.01.2027 Søknadsfrist: 29.11.2026
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.Fjord, fjell og nydeleg natur rett utenfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt fra Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og flere andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.