Operativ etterforskar utlendingskontroll

Svein Rike

Ålesund

Presencial

NOK 510.000 - 660.000

Jornada completa

Hace 4 días
Sé de los primeros/as/es en solicitar esta vacante

Una candidatura completa en un minuto

Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.

Supera los filtros ATS

Descripción de la vacante

Svein Rike søkjer ein operativ etterforskar ved seksjon for utlendings- og grensekontroll i Ålesund. Stillinga inngår i politiets operative beredskap og krev jamnleg reiseverksemd i fylket. Du vil arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta i eit høgt priortert fagfelt.

Vi tilbyr fast stilling som politibetjent i Møre og Romsdal, med krav om IP4-godkjenning og helse-/samsvarsprosedyrer. Søkjarar med relevant tilleggsutdanning og erfaring blir prioritert, og du bidreg til eit inkluderande

Formación

  • Fullført og bestått politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved søknaden.
  • IP4-godkjenning, eller må kunne bli godkjent
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og engelsk
  • gode IT- kunnskaper
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest må hentast inn ved tilsetting

Responsabilidades

  • planleggje og gjennomføre personkontrollar
  • avdekkje personar som oppheld seg ulovleg i Noreg, eller på annan måte har brote vilkår for opphald
  • opprette og gjennomføre bort-/utvisningssaker
  • planleggje og gjennomføre uttransportar
  • etterforske brot på utlendingsloven
  • etterforske/saksbehandle utleveringssaker
  • andre oppgåver kan leggjast til ved behov

Conocimientos

IP4-godkjenning
Norsk og engelsk
Gode IT-kunnskaper

Educación

Politi(høg)skule

Descripción del empleo

Om stillinga

Vil du bidra til å sikre Norge mot truslar utanfrå, og sørgje for at dei som oppheld seg i landet har lov til det? Ønskjer du å jobbe med eit spennende fagfelt i stadig endring, og likar å jobbe sjølvstendig, strukturert og målretta? Er du glad i utfordringar og ønskjer å jobbe i eit miljø med gode og dyktige kollegaer? Då kan dette vere jobben for deg.
Vi har ledig fast stilling som operativ etterforskar innen utlendingskontroll ved seksjon for utlendings- og grensekontroll i Ålesund.

Seksjonen består av høgt motiverte menn og kvinner fordelt på to oppmøtestadar i høvesvis Ålesund og Kristiansund. Vi har eit spesielt godt arbeidsmiljø og er ute etter deg som ønskjer å styrke dette ytterlegare og som er motivert til å utvikle faget og avdelinga over tid. Vi arbeider med fagfelt som er høgt prioritert sentralt og lokalt, og har godt og tett samarbeid med andre driftseiningar, særorgan og eksterne aktørar.

Arbeidskvardagen er variert og tidvis hektisk, med krav til fleksibilitet og evne til å ta på seg ulike roller. Vi har tidvis høgt arbeidspress og stort krav til fleksibilitet og sjølvstendigheit, der alle må kunne dekkje fleire funksjonar for å vareta felles ansvar. Dette er ei ypparleg stilling for deg som ønskjer fagleg utvikling og variasjon i kvardagen.

Seksjonen er operativ med oppsøkjande verksemd. Dette er en operativ stilling som inngår i politiet sin operative beredskap med mellom anna operativ tjeneste i helger. Du må pårekne jamleg reiseverksemd i heile fylket.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing. Seksjonen ønskjer mangfald og ser spesielt positivt på søkjarar med bakgrunn/erfaring/perspektiv/kompetanse som kan utfylle det vi har fra før. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver
  • planleggje og gjennomføre personkontrollar
  • avdekkje personar som oppheld seg ulovleg i Noreg, eller på annan måte har brote vilkår for opphald
  • opprette og gjennomføre bort-/utvisningssaker
  • planleggje og gjennomføre uttransportar
  • etterforske brot på utlendingsloven
  • etterforske/saksbehandle utleveringssaker
  • andre oppgåver kan leggjast til ved behov

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått politi(høg)skule. Vitnemål skal leggast ved søknaden.
  • IP4-godkjenning, eller må kunne bli godkjent
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og engelsk
  • gode IT- kunnskaper
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med

  • relevant tilleggsutdanning
  • erfaring frå etterforsking, etterretning, utlendings- og grensekontroll
  • språkkompetanse utover engelsk

Personlege eigenskapar
  • gode haldningar, kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
  • sjølvstendig med evne til å arbeide systematisk
  • lagspelar som bidrar positivt til arbeidsmiljøet i atferd og engasjement
  • tar initiativ til fagleg utvikling og har høg lærevilje

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .

Personlege eigenskapar blir vektlagt.


Dette kan vi tilby om du vel oss
  • ei spennande stilling i Møre og Romsdal politidistrikt
  • fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, med tilsetting avhengig av kompetanse, jf. kompetansekriteriene for politibetjenter
    • politibetjent 1 - brutto årslønn fra kr. 510 000 til kr. 585 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn fra kr. 535 000 til kr. 600 000
    • politibetjent 3 - brutto årslønn fra kr. 590 000 til kr. 660 000
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering vurderast. Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr. 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no . Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • tIlknyting til bedriftshelseteneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Consigue la evaluación confidencial y gratuita de tu currículum.

o arrastra y suelta tu archivo aquí

Similar jobs

Puestos de trabajo similares que vale la pena comparar

Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Kenneth Huse • Kristiansund

Presencial
NOK 510.000 - 640.000
Fast stilling
ATB tillegg
Pensjonskasse
+1
Fag- og opplæringsansvarleg
Fag- og opplæringsansvarleg

Erik Steen Mikalsen • Ålesund

Presencial
NOK 760.000 - 820.000
Fast stilling
Lønn 760k–820k
ATB og tillegg
+3
Etterforskar
Etterforskar

Terje Erik Nerland • Molde

Presencial
NOK 560.000 - 760.000
Pensjonsordning
Trening i arbeidstida
IA-bedrift
Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Kenneth Huse • Ålesund

Presencial
NOK 510.000 - 640.000
Fast stilling
Tilrettelegging i arbeidssituasjon
Pensjonsordning
Politiførstebetjent - Etterforsking, metode og etterretning GDE Sogn og Fjordane
Politiførstebetjent - Etterforsking, metode og etterretning GDE Sogn og Fjordane

Spørsmål om elektronisk søknad/ CV • Førde

Presencial
NOK 560.000 - 770.000
Pensjonsordning
Turnusbasert arbeid
Seksjonsleiar
Seksjonsleiar

Per Arild Dyrnes • Kristiansund

Presencial
NOK 830.000 - 860.000
Fast stilling
Pensjonsordning i Staten
Trening i arbeidstida
+2
Etterforskar
Etterforskar

Anne Katrine Bjerkan • Kristiansund

Presencial
NOK 560.000 - 800.000
Avsnittsleiar Fag- og metodeutvikling
Avsnittsleiar Fag- og metodeutvikling

Spørsmål om søknad/CV • Bergen

Presencial
NOK 819.000 - 1.001.000
Statens pensjonskasse
Grunnstilling politi - Geografisk driftseining Hordaland
Grunnstilling politi - Geografisk driftseining Hordaland

Spørsmål om søknad /CV • Vossavangen

Presencial
NOK 530.000 - 658.000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode arbeidsvilkår
Politibetjent ved Innhavet/Steigen politistasjoner
Politibetjent ved Innhavet/Steigen politistasjoner

Petter Michael Hovland • Strávnjunnje - Innhavet

Presencial
NOK 510.000 - 650.000
Pensjonsordning
Bedriftshelsetjeneste
Variert arbeidstid
Ubicaciones