Fag- og opplæringsansvarleg

Erik Steen Mikalsen

Ålesund

Presencial

NOK 760.000 - 820.000

Jornada completa

Hace 4 días
Sé de los primeros/as/es en solicitar esta vacante

Una candidatura completa en un minuto

Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.

Supera los filtros ATS

Ventajas ofrecidas por este puesto de trabajo

Fast stilling
Lønn 760k–820k
ATB og tillegg
Pensjonskasse SPK
Trening i arbeidstida
IA-bedrift

Descripción de la vacante

Erik Steen Mikalsen søkjer fag- og opplæringsansvarleg til operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt. Du vil følgje opp fag og metode, drive kompetansehevande tiltak og legge til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring, med nært samarbeid internt og eksternt.

Stillinga vert i ein tredelt turnus med helg og ferieavvikling; noko reiseverksemd kan forekomme. Det blir lagt vekt på fagleg kompetanse innan operativ styring og evne til å byggje tillit hos publikum.

Formación

  • Dette må du ha for å vere kvalifisert: grunnutdanning frå Politihøgskulen, erfaring frå politiet.
  • Gode kunnskapar om samfunnets kriseberedskap og krisehandtering.
  • Gode skriftlege og munnlege formidlingsevner på norsk og engelsk.
  • Plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet, inkl. politiattest.
  • Tilrettelegging i rekrutteringsprosessen etter behov.

Responsabilidades

  • Følgje opp fag og metode i tråd med krav, føringar og beste praksis.
  • Utarbeide og vedlikehalde kompetanseplan for seksjonen i samarbeid med leiar.
  • Lage og vidareformidle fagleg informasjon om metode og planverk til tilsette.
  • Samarbeide med andre fag- og opplæringsansvarlege og rettleie instruktørar.
  • Delta i arbeidet på operasjonssentralen etter arbeidsplan/turnus.
  • Vere reponstidskontakt for Møre og Romsdal politidistrikt.
  • Vikt å oppdatere relevant innhald på PBS web.
  • Ansvar for opplæring i operative styringssystem og handsaming av innsynsbegjæringar.
  • Vere kontaktledd mellom operasjonssentral og andre roller i fag- og opplæringsrolla.
  • Delta i nasjonalt fagnettverk og andre oppgåver gitt av seksjonsleiar.

Conocimientos

Gode samarbeidsevner
Initiativrik
Gjennomføringskraft
Skriftlig og muntlig formidling (Norsk
Engelsk kommunikasjon

Educación

Grunnutdanning frå Politihøgskulen
Instruktørutdanning

Descripción del empleo

Om stillinga

Vi har ledig stilling som fag- og opplæringsansvarleg, politioverbetjent SKO 0287, ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Operasjonssentralen er leiing- og koordineringsssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i distriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar. Som fag- og opplæringsansvarleg vil du ha ansvar for å følgje opp fag og metode, drive kompetansehevande tiltak og legge til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring knytt til arbeidet ved operasjonssentralen. Det vil vere viktig å etablere eit godt samarbeid med andre fag- og opplæringsansvarlege i politidistriktet, samt andre relevante samarbeidspartnarar internt og eksternt.

Du må pårekne å delta noko i det ordinære arbeidet på operasjonssentralen ved behov. Du vil inngå i ein tredelt turnus i helg og ved ferieavvikling.

Felles eining for operative tenester (FOT) består av seksjon for operativ styring med operasjonssentralen og sentralbord, og seksjon for operative fag, øving og beredskap. Stillinga ligg til seksjon for operativ styring med oppmøtestad i Ålesund. Noko reiseverksemd kan forekomme.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som har høg fagleg kompetanse innan operativ styring, og som har gode samarbeidsevner, er initiativrik og har gjennomføringskraft.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess hos oss.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Arbeidsoppgåver
  • ansvar for å følgje opp fag og metode i tråd med gjeldende krav føringer og beste praksis
  • i samarbeid med seksjonsleiar utarbeide og vedlikehalde kompetanseplan for seksjonen
  • leggje til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring
  • lage og vidareformidle fagleg informasjon til tilsette ved operasjonssentralen og i politidistriktet om metode, planverk o.l.
  • samarbeide med seksjon for operative fag, øving og beredskap for å formidle informasjon om metode, planverk o.l.
  • vere superbrukar for operative styringssystem
  • planleggje og gjennomføre kurs, fagdagar, vedlikehaldstrening og anna opplæring for tilsette ved seksjonen, sjølvstendig og i samarbeid med andre fag- og opplæringsansvarlege
  • i samarbeid med seksjonsleiar sørgje for å ha fagleg gode instruktørar og fordele ansvar for gjennomføring av kurs/fagdagar
  • delta i arbeidet på operasjonssentralen etter eigen arbeidsplan/turnus
  • vere reponstidskontakt for Møre og Romsdal politidistrikt
  • oppdatere relevant innhald på PBS web etter gjeldande rutinar
  • ansvar for operativ bruk og opplæring i operative styringssystem, og behandle innsynsbegjæringar
  • vere kontaktledd mellom operasjonssentral og andre roller og aktørar i arbeidet knytt til fag- og opplæringsrolla
  • delta i nasjonalt fagnettverk
  • andre oppgåver gitt av seksjonsleiar

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen
  • erfaring frå politiet
  • god kunnskap om samfunnet sin kriseberedskap og og krisehandtering
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og formidlingsevne på engelsk
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet.
  • må kunne klarerast for HEMMELEG, jf. sikkerhetsloven

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring frå arbeid i operasjonssentral og gode kunnskapar om politiet sine operative styringssystem
  • brei politifagleg erfaring
  • erfaring fra undervisning/kurs-/instruksjonsverksemd
  • instruktørutdanning for politiet sine operasjonssentralar
  • anna relevant utdanning

Personlege eigenskapar
  • gode evner til å arbeide sjølvstendig og planleggje på ein strukturert og effektiv måte
  • gode samarbeidsevner
  • initiativrik, evner å sjå oppgåver og har gjennomføringskraft
  • utadretta og tillitskapande overfor andre

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .


Dette kan vi tilby om du vel oss
  • ei utfordrande stilling med gode utviklingsmoglegheiter for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
  • fast stilling som politioverbetjent (SKO 0287) i Møre og Romsdal politidistrikt med brutto årslønn frå kr. 760 000 til kr. 820 000.
  • for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • godtgjersle etter gjeldande ATB belastande unntak, for tida kr. 44 708, og tillegg for eventuell beredskapsteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.Det blir trekt to prosent fra lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • Moglegheit for trening i arbeidstida
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglement for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Consigue la evaluación confidencial y gratuita de tu currículum.

o arrastra y suelta tu archivo aquí

Similar jobs

Puestos de trabajo similares que vale la pena comparar

Operativ etterforskar utlendingskontroll
Operativ etterforskar utlendingskontroll

Svein Rike • Ålesund

Presencial
NOK 510.000 - 660.000
Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Kenneth Huse • Kristiansund

Presencial
NOK 510.000 - 640.000
Fast stilling
ATB tillegg
Pensjonskasse
+1
Etterforskar
Etterforskar

Terje Erik Nerland • Molde

Presencial
NOK 560.000 - 760.000
Pensjonsordning
Trening i arbeidstida
IA-bedrift
Avsnittsleiar Fag- og metodeutvikling
Avsnittsleiar Fag- og metodeutvikling

Spørsmål om søknad/CV • Bergen

Presencial
NOK 819.000 - 1.001.000
Statens pensjonskasse
Fag- og opplæringsansvarleg
Fag- og opplæringsansvarleg

Twoja Norwegia • Ålesund

Híbrido
NOK 760.000 - 820.000
Seksjonsleiar
Seksjonsleiar

Per Arild Dyrnes • Kristiansund

Presencial
NOK 830.000 - 860.000
Fast stilling
Pensjonsordning i Staten
Trening i arbeidstida
+2
Politiførstebetjent - Etterforsking, metode og etterretning GDE Sogn og Fjordane
Politiførstebetjent - Etterforsking, metode og etterretning GDE Sogn og Fjordane

Spørsmål om elektronisk søknad/ CV • Førde

Presencial
NOK 560.000 - 770.000
Pensjonsordning
Turnusbasert arbeid
Trafikkoordinator
Trafikkoordinator

Spørsmål om søknad / CV • Bergen

Presencial
NOK 738.000 - 902.000
Medlemskap i SPK
Bedriftshelsetjeneste
Seksjonsleder operativ utlendingskontroll
Seksjonsleder operativ utlendingskontroll

Marianna Koufalitaki • Stavanger

Presencial
NOK 882.000 - 1.078.000
Pensjonsordning
Gode arbeidsbetingelser
Påvirke fagområde
Grunnstilling politi - Geografisk driftseining Hordaland
Grunnstilling politi - Geografisk driftseining Hordaland

Spørsmål om søknad /CV • Vossavangen

Presencial
NOK 530.000 - 658.000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Gode arbeidsvilkår
Ubicaciones