Etterforskar

Anne Katrine Bjerkan

Kristiansund

On-site

NOK 560,000 - 800,000

Full time

8 days ago

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE) i Kristiansund og Molde søker etterforskar som vil bidra til høg kvalitet i etterforskinga. Stillingen inkluderer arbeid med moglegheit for fast tilsetting eller vikariat fram til 2027, med tett samarbeid med Statens Barnehus i Ålesund og andre avsnitt/enheiter.

Arbeidsmiljøet vektlegg HMS og eit godt fellesskap, og vi forventar at du kan møte krav til integritet, profesjonell opptreden og evne til å arbeide med menneske i

Qualifications

  • Fullført og bestått Politihøgskule og vitnemål vedlagt, med karakterutskrift.
  • Gode skriftlige og muntlige formidlingsevner og evne til å kommunisere tydelig.
  • Pletti fri vandel og vere skikka for teneste i politiet, attestar ved eventuell tilsetting.

Responsibilities

  • Etterforsking av straffesaker som høyrer inn under avsnittet og eininga og ved behov bistå dei geografiske driftseiningane.
  • Sørgje for effektivitet og høg kvalitet i etterforskingsarbeidet.
  • Utarbeide etterforskingsplanar i politiet sitt prosjektstyringsverktøy, medrekna å identifisere aktuelle hypoteser i den enkelte sak.
  • Gjennomføre avhøyr og andre etterforskingsskritt i tråd med hypoteser og bevistema.
  • Bistå til at dei faglege oppgåvene som er lagt til avsnittet blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar.
  • Vere pådrivar og støttespelar for utvikling av eit godt medarbeidar-skap.
  • delta i operative aksjonar i regi av eige avsnitt eller som bistand til andre avsnitt/einingar.
  • Kan påleggast andre oppgåver

Skills

Kommunikasjonsferdigheter
Etisk integritet
Profesjonell opptreden
Samarbeidsvilje

Education

Politi(høg)skule

Job description

Om stillinga

Vi har ledig stilling som etterforskar ved avsnitt for etterforsking av grov vald og seksuelle overgrep i Kristiansund og Molde, under Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE). Det er ledig fast stilling/vikariat i Kristiansund, samt vikariat i Molde.

Vikariata har varigheit ut 2027. Tiltreding etter avtale.

Stillingane skal sikre stabilitet og kvalitet i etterforskningsarbeidet, og bidra til at politidistriktet handterer sakene med høg kvalitet og effektivitet. Arbeidsoppgåvene er givande og krevjande som følgje av at ein ofte jobbar med menneske i krise. Du blir eksponert for sterke inntrykk gjennom handtering av ulike typer overgrepsmateriale. Vi har derfor eit særleg fokus på HMS og vektlegg å ha eit godt arbeidsmiljø.

Avsnittet har eit nært samarbeid med Statens Barnehus i Ålesund. Vi arbeider også tett med avsnitt for kriminalteknikk og avsnitt for digitalt politiarbeid. Vi har eit sterkt fagmiljø med ei fin blanding av erfarne og unge etterforskarar med stor interesse for fagfeltet. Læring og utvikling står sterkt i miljøet og det er eit mål at dette skal vidareførast og prege avsnittet.

Ønskjer du å bli ein del av avsnittet vårt, vil vi gjerne høyre frå deg!


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktig samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Arbeidsoppgåver
  • etterforsking av straffesaker som høyrer inn under avsnittet og eininga og ved behov bistå dei geografiske driftseiningane
  • sørgje for effektivitet og høg kvalitet i etterforskingsarbeidet
  • utarbeide etterforskingsplanar i politiet sitt prosjektstyringsverktøy, medrekna å identifisere aktuelle hypoteser i den enkelte sak
  • gjennomføre avhøyr og andre etterforskingsskritt i tråd med hypoteser og bevistema
  • bistå til at dei faglege oppgåvene som er lagt til avsnittet blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
  • vere pådrivar og støttespelar for utvikling av eit godt medarbeiderskap
  • delta i operative aksjonar i regi av eige avsnitt eller som bistand til andre avsnitt/einingar
  • kan påleggast andre oppgåver

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggjast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden. Sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema
  • god skriftleg og munnleg formidlings- og kommunikasjonsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring fra etterforsking, etterforsking av seksuallovbrot og alvorlege valdssaker
  • vidareutdanning innen etterforsking, særleg innan fagfeltet grov vold og seksuelle overgrep
  • erfaring og kompetanse innan gjennomgang av digitale beslag
  • kurs i datasystem brukt til gjennomgang av digitalt beslag
  • anna relevant utdanning/erfaring

Personlege eigenskapar
  • gode samarbeidsevner og er opptatt av å skape resultat i samhandling med andre
  • strukturert og systematisk i arbeidet ditt
  • høg arbeidskapasitet/gjennomføringsevne
  • gode kommunikasjonsevner og evner til å bygge relasjonar
  • fleksibel og løysingsorientert

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .


Dette kan vi tilby om du vel oss
  • ein utfordrande og meiningsfull kvardag i Møre og Romsdal politidistrikt
  • for erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 690 000 - kr. 760 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 720 000 - kr. 800 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
    • politibetjent 3 - brutto årslønn fra kr. 640 000 til kr. 720 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn fra kr. 595 000 til kr. 660 000
    • politibetjent 1 - brutto årslønn fra kr. 560 000 til kr. 620 000
  • for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar Les meir på www.spk.no . Det blir trekt to prosent fra løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • mogelegheit for trening i arbeidstida
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Kenneth Huse • Ålesund

On-site
NOK 510,000 - 640,000
Fast stilling
Tilrettelegging i arbeidssituasjon
Pensjonsordning
Politiførstebetjent - Etterforsking, metode og etterretning GDE Sogn og Fjordane
Politiførstebetjent - Etterforsking, metode og etterretning GDE Sogn og Fjordane

Vest politidistrikt • Førde

On-site
NOK 560,000 - 770,000
Etterforskar
Etterforskar

Terje Erik Nerland • Molde

On-site
NOK 560,000 - 760,000
Pensjonsordning
Trening i arbeidstida
IA-bedrift
Fellesprosess generell etterforskning ENS, ENV, ENØ, FSI
Fellesprosess generell etterforskning ENS, ENV, ENØ, FSI

Madeleine Åretun • Oslo fylke

On-site
NOK 530,000 - 700,000
Politifaglig etterforskningsleder
Politifaglig etterforskningsleder

Hans-Kristian Ek • Sarpsborg

On-site
NOK 765,000 - 880,000
Statens pensjonskasse
Gode arbeidsbetingelser
Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Kenneth Huse • Kristiansund

On-site
NOK 510,000 - 640,000
Fast stilling
ATB tillegg
Pensjonskasse
+1
Politibetjenter 3/2/1 ved Innhavet/Steigen politistasjoner
Politibetjenter 3/2/1 ved Innhavet/Steigen politistasjoner

Ronny Borge • Hamarøy

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Muligheten for trening i arbeidstiden
Politiførstebetjent - Etterforsking, metode og etterretning GDE Sogn og Fjordane
Politiførstebetjent - Etterforsking, metode og etterretning GDE Sogn og Fjordane

Spørsmål om elektronisk søknad/ CV • Førde

On-site
NOK 560,000 - 770,000
Pensjonsordning
Turnusbasert arbeid
Informantbehandler
Informantbehandler

Sør-Øst politidistrikt • Skien

On-site
NOK 600,000 - 700,000
Pensjonsordning
Gode forsikringsordninger
Etterforsker ved Kristiansand politistasjon
Etterforsker ved Kristiansand politistasjon

Jens Mortvedt • Kristiansand

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Top locations