Etterforskar

Terje Erik Nerland

Molde

On-site

NOK 560,000 - 760,000

Full time

14 days+

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjonsordning
Trening i arbeidstida
IA-bedrift

Job summary

Molde politistasjon, ved Molde, søker etterforskar som skal arbeide tett med etterforskningsfaget og bidra til eit trygt lokalsamfunn. Ein vil vere del av eit fagmiljø som legg vekt på etisk integritet, profesjonell opptreden og open kommunikasjon.

Arbeidet krev tilstadeleg og strukturert arbeid, god samarbeidsevne og vilje til å delta i daglege oppgåver og opplæring. Løysing av oppgåver vil kople seg til politiets førebyggings- og etterforsking i regionen.

Qualifications

  • Må ha fullført Politihøgskule og vedlegg med vitnemål.
  • Gode skriftlege og munnlege formidlingsevner.
  • Vandel og skikketheit for teneste i politiet. Attestar og kontrollar ved tilsetjing.

Responsibilities

  • Etterforskningsoppgåver i samarbeid med teamet.
  • Kriminalitetsførebyggjande arbeid og offentleg møte med publikum.
  • Utføre etterforsking på staden og i felt.
  • Bidra til opplæring og kompetansehevande tiltak ved seksjonen.
  • Bidra i vakter og beredskap i molde kvar fjerde helg ved behov.

Skills

Skriftlig formidling
Munnleg formidling
Etisk integritet
Samarbeid
Kvalitetsoppfølging

Education

Politi(høg)skule

Job description

Om stillinga

Ønskjer du ein meiningsfull kvardag der du får jobbe med etterforsking av straffesaker ved Molde politistasjon? Vi har no ledig ei fast stilling som etterforskar.

Etterforskingsarbeidet skal vere ein integrert del av den førebyggjande strategien til politiet. I periodar må ein rekne med å bidra innan andre tenesteområde, avhengig av behovet i driftseininga.

Molde og Romsdal byr på storslått natur. Fjell og fjord, fotball og eit levande kulturliv. Det er unike moglegheiter for toppturar og friluftsliv, sommar som vinter, i nærleiken. Er du klar for ein ny arbeidskvardag i Molde? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Vi vil ha deg på laget.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter deg som er motivert og interessert i etterforskingsfaget. Vi stiller høge krav til fagleg motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til kvar tid og fungerer som gode ambasadører for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, tilstades i det daglege, lydhøyr, og å byggje tillit til publikum er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er dette blant det vi legg vekt på. I tillegg ønskjer vi medarbeidarar som evnar å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.

Arbeidsoppgåver
  • etterforskingsoppgåver
  • kriminalitetsførebyggjande arbeid
  • kriminalvakt/publikumsmottak
  • samarbeid i grupper ved etterforsking av både større og litt mindre saker
  • utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • andre oppgåver som høyrer til den daglege tenesta ved seksjonen
  • bidra med rettleiing og opplæring/kompetansehevande tiltak ved seksjonen
  • mogleghet for støtteliste ved vakt og beredskap i Molde kvar fjerde helg (krev minimum IP4-godkjenning)
  • delta i aksjonar i regi av eigen seksjon eller som bistand til andre avsnitt/seksjonar
  • kan blir pålagd andre arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått Politi(høg)skule. Vitnemål skal leggjast ved. Karakterskjema skal fyllast ut og leggjast ved søknaden. Sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jfr. Politioven §18 og Politiregisterloven §41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkatheitsvurderinga

Det er også ønskjeleg med

  • erfaring frå politistilling
  • erfaring frå etterforsking utover PHS
  • erfaring innanfor gjennomgang av digitale beslag
  • erfaring frå NCMEC/§311 saker
  • etter- og vidareutdanning innanfor etterforsking
Personlege eigenskapar
  • motivasjon og interesse for etterforskingsfaget
  • gode samarbeidsevner
  • strukturert og ansvarsbevisst i arbeidet ditt
  • evne til å byggje tillit hos publikum og gode kommunikasjonsferdigheiter
  • ønskjer fagleg utvikling og bidreg til kunnskapsdeling

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk moral. Du blir kjenneteikna ved at du er modig og heilskapsorientert. Du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattforme her .

Dette kan vi tilby om du vel oss
  • ein utfordrande og meiningsfull kvardag med utviklingsmoglegheiter i Møre og Romsdal politidistrikt
  • for erfarne kandidatar vil stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) bli vurdert, eventuelt politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000) for særskilt kvalifiserte, jf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
    • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 690 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
    • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000
  • for særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
  • ved andre tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr og tillegg for eventuell tunusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no . Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • mogelegheit for trening i arbeidstida
  • fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift og tilknyting til bedriftshelseteneste

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Operativ grensekontrollør
Operativ grensekontrollør

Kenneth Huse • Kristiansund

On-site
NOK 510,000 - 640,000
Fast stilling
ATB tillegg
Pensjonskasse
+1
Politiførstebetjent - Etterforsking, metode og etterretning GDE Sogn og Fjordane
Politiførstebetjent - Etterforsking, metode og etterretning GDE Sogn og Fjordane

Spørsmål om elektronisk søknad/ CV • Førde

On-site
NOK 560,000 - 770,000
Pensjonsordning
Turnusbasert arbeid
Etterforskar
Etterforskar

Anne Katrine Bjerkan • Kristiansund

On-site
NOK 560,000 - 800,000
Politibetjent 3/2/1 - Etterforsker ved tjenesteenhet Ringsaker
Politibetjent 3/2/1 - Etterforsker ved tjenesteenhet Ringsaker

Trond Blikstad • Brumunddal

On-site
NOK 518,000 - 633,000
Etterforsker ved Kristiansand politistasjon
Etterforsker ved Kristiansand politistasjon

Jens Mortvedt • Kristiansand

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Politibetjent ved Innhavet/Steigen politistasjoner
Politibetjent ved Innhavet/Steigen politistasjoner

Petter Michael Hovland • Strávnjunnje - Innhavet

On-site
NOK 510,000 - 650,000
Pensjonsordning
Bedriftshelsetjeneste
Variert arbeidstid
Trafikkoordinator
Trafikkoordinator

Spørsmål om søknad / CV • Bergen

On-site
NOK 738,000 - 902,000
Medlemskap i SPK
Bedriftshelsetjeneste
Avsnittsleiar Fag- og metodeutvikling
Avsnittsleiar Fag- og metodeutvikling

Spørsmål om søknad/CV • Bergen

On-site
NOK 819,000 - 1,001,000
Statens pensjonskasse
Seksjonsleder operativ utlendingskontroll
Seksjonsleder operativ utlendingskontroll

Marianna Koufalitaki • Stavanger

On-site
NOK 882,000 - 1,078,000
Pensjonsordning
Gode arbeidsbetingelser
Påvirke fagområde
Grunnstilling politi - forebyggende og patrulje Midtre Gauldal politistasjon
Grunnstilling politi - forebyggende og patrulje Midtre Gauldal politistasjon

Trøndelag politidistrikt • Støren

On-site
NOK 510,000 - 680,000
Gode arbeidsbetingelser
Top locations