Områdedirektør for berekraftig naturbruk

Twoja Norwegia

Molde

Hybrid

NOK 1,200,000 - 1,400,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Pensjonsordning
Gode fagmiljøer
Godt arbeidsmiljø
Utviklingsmogelegheiter

Job summary

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer ein strategisk og utviklingsorientert leiar til stillinga som områdedirektør for berekraftig naturbruk. Du blir ein sentral aktør i den strategiske leiinga av embetet og rapporterer til embetsleiinga.

Området omfattar forureining, landbruk, naturforvaltning og klima, og du vil leie eit team på 60+ medarbeidarar og samarbeidspartnarar. Denne leiarrolla krev tyding, samarbeid og eit inkluderande arbeidsmiljø.

Qualifications

  • Relevant masterutdanning er påkrevd.
  • Minimum fem års leiarerfaring og dokumenterte resultater frå leiing og utvikling.
  • Gode kunnskapar til offentleg forvaltning og endringsprosessar.
  • Meirviktige er munnleg og skriftleg meistring av nynorsk.

Responsibilities

  • Leie og vidareutvikle verksemdsområdet i samsvar med nasjonale mål og embetet sine strategiar.
  • Sikre god måloppnåing og ressursutnytting.
  • Initere og leie utviklings- og endringsarbeid.
  • Representere embetet i møte med kommunar og andre aktørar.

Skills

endringsleiing
strategisk utvikling
offentleg forvaltning
leiarerfaring

Education

Mastergrad
Førarkort B

Job description

Employer: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Ansvars- og arbeidsoppgåver
  • leie og vidareutvikle verksemdsområdet i tråd med nasjonale mål, styringssignal og embetet sine strategiar
  • sikre god måloppnåing og effektiv ressursutnytting
  • initiere og leie utviklings- og endringsarbeid
  • representere embetet i møte med kommunar, samarbeidspartnarar, direktorat og andre aktørar
  • erfaring med endringsleiing og strategiske utviklingsprosessar
Vil du vere strategisk leiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal?

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal søkjer ein strategisk og utviklingsorientert leiar til stillinga som områdedirektør for berekraftig naturbruk.

Som områdedirektør får du ei sentral rolle i den strategiske leiinga av embetet. Du rapporterer til embetsleiinga og er medlem av den strategiske leiargruppa. Gjennom leiarskap, samordning og utvikling skal du bidra til å setje nasjonal politikk ut i livet og sikre gode løysingar på nokre av dei viktigaste samfunnsutfordringane i fylket.

Verksemdsområdet berekraftig naturbruk omfattar seksjonane for forureining, justis og beredskap, landbruk, naturforvaltningog plan og klima. Området forvaltar oppdrag frå fleire departement og direktoratsnivå og arbeider med spørsmål som har stor betydning for berekraftig utvikling, ressursforvaltning, samfunnstryggleik og framtidige generasjonar.

Dette er ei stilling for deg som ønskjer å påverke samfunnsutviklinga, byggje sterke fagmiljø og leie i kryssingspunktet mellom fag, politikk og forvaltning.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Som områdedirektør har du det overordna ansvaret for resultat, utvikling og leiing innan verksemdsområdet.

Du skal

  • leie og vidareutvikle verksemdsområdet i tråd med nasjonale mål, styringssignal og embetet sine strategiar
  • leie fem underdirektørar og om lag 60 medarbeidarar
  • sikre god måloppnåing og effektiv ressursutnytting
  • bidra til heilskapleg leiing og utvikling av embetet gjennom aktiv deltaking i strategisk leiargruppe
  • følgje opp styringsdialog og oppdrag frå departement og direktoratsnivå
  • initiere og leie utviklings- og endringsarbeid
  • representere embetet i møte med kommunar, samarbeidspartnarar, direktorat og andre aktørar
  • byggje gode relasjonar og leggje til rette for god samhandling, læring og utvikling
  • bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande arbeidsmiljø
Nødvendige kvalifikasjonar

Du må ha

  • relevant høgare utdanning på masternivå
  • minst fem års relevant leiarerfaring
  • gode dokumenterte resultat frå leiing og utviklingsarbeid
  • god kjennskap til offentleg forvaltning, gjerne gjennom eiga erfaring
  • erfaring med endringsleiing og strategiske utviklingsprosessar
  • svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Vi nyttar hovudsakleg nynorsk som skriftspråk
  • førarkort klasse B

I særskilde tilfelle kan høgare utdanning på bachelornivå, kombinert med relevant etter- og vidareutdanning og lang, relevant praksis, kompensere for kravet om mastergrad.

Du må kunne tryggleiksklarerast til HEMMELEG før tiltreding.

Det er ein fordel om du

  • har leiarutdanning
  • har erfaring frå komplekse kunnskapsorganisasjonar
  • har erfaring med tverrfagleg samarbeid og samordning
  • har erfaring frå arbeid i skjeringspunktet mellom fag, politikk og forvaltning

Du lykkast i rolla dersom du

  • er ein tydeleg og samlande leiar som skaper retning, engasjement og resultat
  • byggjer tillit og gode relasjonar internt og eksternt
  • utviklar leiarar og medarbeidarar gjennom involvering, støtte og ansvarleggjering
  • arbeider strategisk og ser heilskap på tvers av fagområde
  • evnar å handtere komplekse problemstillingar og målkonfliktar
  • tek gode avgjerder også når omsyna er ulike og situasjonane krev prioritetingar
  • kommuniserer godt og skaper forståing for val og retning
  • utøver leiarskap med openheit, integritet og gjennomføringsevne

Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.

Vi forventar at leiarskapet ditt byggjer på dei statlege leiarprinsippa og Statsforvaltaren sine verdiar: engasjert, rettferdig, open og kompetent.

Du er til stades, lyttande og tydeleg, gir ansvar og handlingsrom, handterer konfliktar på ein konstruktiv måte og bidreg til utvikling av både menneske og organisasjon.

Du må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.

Vi tilbyr
  • høgt kompetente fagmiljø og engasjerte leiarar
  • eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, tillit og utvikling
  • gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar

Løn og vilkår

Stillinga er lønt som områdedirektør (kode 1060) frå kr 1 200 000 til kr 1 400 000, avhengig av kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønspolitikk.

Dette er ei leiande stilling som er unntatt frå dei ordinære reglane om arbeidstid etter arbeidsmiljølova § 10-12.

Stillinga er videre unntatt frå:

  • hovudtariffavtalane sine reglar om kompensasjon for reiser, overtid og arbeid på ubekvem arbeidstid
  • særavtalen om fleksibel arbeidstid i staten

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og avtalar. Prøvetida er seks månader.

Mangfald

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen ( https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling ).

Om oss

Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår Trygg framtid for folk og natur.

Kontaktinformasjon

Assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste: rigmor.broste@statsforvalteren.no , mobil 926 59401

Administrasjonssjef Hilde M. Aure: hilde.aure@statsforvalteren.no , mobil 916 85560

Søknadsfrist:15.11.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Områdedirektør for berekraftig naturbruk
Områdedirektør for berekraftig naturbruk

Rigmor Brøste • Molde

On-site
NOK 1,200,000 - 1,400,000
Fagmiljø
Utvikling
Pensjonsordning
+1
Områdedirektør for berekraftig naturbruk
Områdedirektør for berekraftig naturbruk

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal • Molde

On-site
NOK 1,200,000 - 1,400,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Pensjons- og forsikringsordningar
Rådgivar/seniorrådgivar - helse
Rådgivar/seniorrådgivar - helse

Karin Brigitte Müller Mikaelsen • Molde

On-site
NOK 550,000 - 760,000
ein stabil arbeidsgivar med fleksibel/
samfunnsaktuelle saker og rettstryggle
stor moglegheit for fagleg utvikling
+2
Rådgivar/seniorrådgivar - helse
Rådgivar/seniorrådgivar - helse

Twoja Norwegia • Molde

Hybrid
NOK 550,000 - 760,000
Stabil arbeidsgivar
Fleksibel arbeidstid
Stor fagleg utvikling
+2
Assisterande fylkeslege
Assisterande fylkeslege

Karin Brigitte Müller Mikaelsen • Molde

On-site
NOK 975,000 - 1,150,000
Fleksibel arbeidstid
Opplæring i regelverk og datasystem
Pensjonsordning SPK
+1
Assisterande fylkeslege
Assisterande fylkeslege

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal • Molde

On-site
NOK 975,000 - 1,150,000
Moglegheit for noko heimekontor
Trening i arbeidstida
Pensjonsordning i SPK
Assisterande fylkeslege
Assisterande fylkeslege

Twoja Norwegia • Molde

Hybrid
NOK 975,000 - 1,150,000
Stabil arbeidsplass
Fleksibel arbeidstid
Pensjonsordning SPK
Lyst til å jobbe med verneprosesser for skog og annen natur?
Lyst til å jobbe med verneprosesser for skog og annen natur?

Statsforvalteren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus • Drammen

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Fleksible arbeidsordninger
Sommertid
HR-rådgiver
HR-rådgiver

Caroline Skram By • Steinkjer

On-site
NOK 630,000 - 750,000
Fleksibel arbeidstid
Familievennlig personalpolitikk
Pensjonsordning
+2
Lyst til å jobbe med verneprosesser for skog og annen natur?
Lyst til å jobbe med verneprosesser for skog og annen natur?

Ellen Lien • Drammen

On-site
NOK 600,000 - 800,000
Pensjonsordning i Statens Pensjonskass
Fleksible arbeidstidsordninger
Tilgang til treningsfasiliteter
Top locations