A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal søkjer ein strategisk og utviklingsorientert leiar til stillinga som områdedirektør for berekraftig naturbruk. Du får ei sentral rolle i leiinga og rapporterer til embetsleiinga.
Området omfattar seksjonane som dekker forureining, landbruk, naturforvalting og klima, og du arbeidar med å sette nasjonal politikk ut i livet. Du skal leia eit team på om lag 60 medarbeidarar, sikre måloppnåing og bidra til utvikling av embetet gjennom deltaking i strategisk
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal søkjer ein strategisk og utviklingsorientert leiar til stillinga som områdedirektør for berekraftig naturbruk.
Som områdedirektør får du ei sentral rolle i den strategiske leiinga av embetet. Du rapporterer til embetsleiinga og er medlem av den strategiske leiargruppa. Gjennom leiarskap, samordning og utvikling skal du bidra til å setje nasjonal politikk ut i livet og sikre gode løysingar på nokre av dei viktigaste samfunnsutfordringane i fylket.
Verksemdsområdet berekraftig naturbruk omfattar seksjonane for forureining, justis og beredskap, landbruk, naturforvaltningog plan og klima. Området forvaltar oppdrag frå fleire departement og direktoratsnivå og arbeider med spørsmål som har stor betydning for berekraftig utvikling, ressursforvaltning, samfunnstryggleik og framtidige generasjonar.
Dette er ei stilling for deg som ønskjer å påverke samfunnsutviklinga, byggje sterke fagmiljø og leie i kryssingspunktet mellom fag, politikk og forvaltning.
Som områdedirektør har du det overordna ansvaret for resultat, utvikling og leiing innan verksemdsområdet.
Du skal
Du må ha
I særskilde tilfelle kan høgare utdanning på bachelornivå, kombinert med relevant etter- og vidareutdanning og lang, relevant praksis, kompensere for kravet om mastergrad.
Du må kunne tryggleiksklarerast til HEMMELEG før tiltreding.
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi forventar at leiarskapet ditt byggjer på dei statlege leiarprinsippa og Statsforvaltaren sine verdiar: engasjert, rettferdig, open og kompetent.
Du er til stades, lyttande og tydeleg, gir ansvar og handlingsrom, handterer konfliktar på ein konstruktiv måte og bidreg til utvikling av både menneske og organisasjon.
Du må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Stillinga er lønt som områdedirektør (kode 1060) fra kr 1 200 000 til kr 1 400 000, avhengig av kvalifikasjonar, erfaring og lokal lønspolitikk.
Dette er ei leiande stilling som er unntatt frå dei ordinære reglane om arbeidstid etter arbeidsmiljølova § 10-12.
Stillinga er videre unntatt fra:
Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og avtalar. Prøvetida er seks månader.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen ( https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling ).
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og arbeidserfaring i kandidatprofilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er nødvendig for at vi skal kunne vurdere søknadar frå deg og for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter henter du fra vitnemålsportalen om mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning fra NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista.Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste: rigmor.broste@statsforvalteren.no , mobil 926 59401
Administrasjonssjef Hilde M. Aure: hilde.aure@statsforvalteren.no , mobil 916 85560
Søknadsfrist:15.11.2026