Assisterande fylkeslege

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Molde

On-site

NOK 975,000 - 1,150,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Moglegheit for noko heimekontor
Trening i arbeidstida
Pensjonsordning i SPK

Job summary

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no ei fast nyoppretta 100 % stilling som assisterande fylkeslege. Stillinga inneber å vere ein nøkkelperson i utvikling og sikring av helse- og omsorgstenestene i fylket.

Stillinga har ordinær dagarbeidstid utan vaktneste, og lønn frå kr 975.000 til kr 1.150.000 brutto årleg. Det vert tilbydd godt fellesskap iSPK-pensjonsordning og moglegheit for noko heimekontor.

Qualifications

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Solid klinisk erfaring.
  • God kjennskap til helsetenestene i Norge.
  • Interesse for kvalitetsforbetring og pasienttryggleik.
  • Evne til å kommunisere klart og presist, både munnleg og skriftleg.

Responsibilities

  • Gi råd og rettleiing til kommunar og helseføretak.
  • Gjennomføre helsefaglege vurderingar i klagesakar og tilsyn.
  • Behandle førarkortsaker og saker innan smittevern og helseberedskap.
  • Bidra til utvikling og forbetring av tenestene gjennom faglege innlegg og opplæring.

Skills

Klar kommunikasjonsferd
Samarbeid og relasjonsbygging
Fleksibel og omstillingsdyktig
Klinisk skjønn

Education

Norsk autorisasjon som lege
Solid klinisk erfaring

Job description

Vil du bruke legekompetansen din til å utvikle helse- og omsorgstenestene og bidra til pasienttryggleiken?

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no ledig ei fast nyoppretta 100 % stilling som assisterande fylkeslege. Med deg vil vi vere tre assisterande fylkeslegar, leia av fylkeslegen.

Som assisterande fylkeslege får du ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle og sikre gode helse- og omsorgstenester for innbyggjarane i Møre og Romsdal. Arbeidet vårt er variert og samfunnsaktuelt. Du vil møte problemstillingar som krev medisinsk innsikt, klinisk skjønn og evne til å sjå samanhengar mellom fag, regelverk og pasienttryggleik. Vi samhandlar tett med kommunar, spesialisthelsetenesta, Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet. Vi jobbar i tverrfaglege team med til dømes juristar, sykepleiarar, vernepleiarar samt leger internt og frå andre statsforvaltarar.

Du får òg gode moglegheiter til å vidareutvikle legekompetansen din innan helserett. Vi er registrerte som utdanningsinstitusjon for spesialisering i samfunnsmedisin.

Stillinga har ordinær dagarbeidstid utan vaktteneste.

Arbeidsoppgåver
  • gi råd og rettleiing til kommunar, helseføretak og andre aktørar innan helse- og omsorgstenestene
  • gjennomføre helsefaglege vurderingar i klagesakar og under tilsyn inkludert oppfølging av alvorlege hendingar
  • behandle førarkortsaker, saker innan smittevern, miljøretta helsevern og helseberedskap
  • bidra til utvikling og forbetring av tenestene gjennom faglege innlegg og opplæring.
Arbeidsoppgåver
  • norsk autorisasjon som lege
  • solid klinisk erfaring
  • god kjennskap til helsetenestene i Norge
  • interesse for kvalitetsforbetring, pasienttryggleik og utvikling av helsetenestene
  • evne til å kommunisere klart og presist, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar blir vektlagde særleg:

  • samarbeider godt og byggjer gode relasjonar med andre
  • arbeider sjølvstendig, strukturert og effektivt
  • er fleksibel og omstillingsdyktig
Hos oss får du
  • ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
  • ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
  • naudsynt opplæring i regelverk og datasystem
  • tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
  • lønn som 0774 assisterande fylkeslege, med lønsspenn frå kr 975.000,- til kr 1.150.000,-, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. Høgare løn kan vurderast i særskilte tilfelle
  • medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
  • moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
  • høve til å trene i arbeidstida

Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)

Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.

Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.

Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal: https://statsforvalteren.no/more-og-romsdal/

Mangfald

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen ( https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling ).

Om oss

Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».

Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Karin Brigitte Müller Mikaelsen på telefon (Norge +47) 41495351.

Søknadsfrist: 15.11.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Assisterande fylkeslege
Assisterande fylkeslege

Twoja Norwegia • Molde

Hybrid
NOK 975,000 - 1,150,000
Stabil arbeidsplass
Fleksibel arbeidstid
Pensjonsordning SPK
Assisterande fylkeslege
Assisterande fylkeslege

Karin Brigitte Müller Mikaelsen • Molde

On-site
NOK 975,000 - 1,150,000
Fleksibel arbeidstid
Opplæring i regelverk og datasystem
Pensjonsordning SPK
+1
Assisterande fylkeslege
Assisterande fylkeslege

smp • Molde

Hybrid
NOK 975,000 - 1,150,000
Heimekontor moglegheit
Trening i arbeidstida
SPK pensjonsordning
Rådgivar/seniorrådgivar - helse
Rådgivar/seniorrådgivar - helse

Karin Brigitte Müller Mikaelsen • Molde

On-site
NOK 550,000 - 760,000
ein stabil arbeidsgivar med fleksibel/
samfunnsaktuelle saker og rettstryggle
stor moglegheit for fagleg utvikling
+2
Rådgivar/seniorrådgivar - helse
Rådgivar/seniorrådgivar - helse

Twoja Norwegia • Molde

Hybrid
NOK 550,000 - 760,000
Stabil arbeidsgivar
Fleksibel arbeidstid
Stor fagleg utvikling
+2
Rådgivar/seniorrådgivar - helse
Rådgivar/seniorrådgivar - helse

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal • Molde

On-site
NOK 550,000 - 760,000
Fleksibel arbeidstid
Pensjonsordning (SPK)
Områdedirektør for berekraftig naturbruk
Områdedirektør for berekraftig naturbruk

Rigmor Brøste • Molde

On-site
NOK 1,200,000 - 1,400,000
Fagmiljø
Utvikling
Pensjonsordning
+1
Områdedirektør for berekraftig naturbruk
Områdedirektør for berekraftig naturbruk

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal • Molde

On-site
NOK 1,200,000 - 1,400,000
Medlemskap i Statens pensjonskasse
Pensjons- og forsikringsordningar
Områdedirektør for berekraftig naturbruk
Områdedirektør for berekraftig naturbruk

Twoja Norwegia • Molde

Hybrid
NOK 1,200,000 - 1,400,000
Pensjonsordning
Gode fagmiljøer
Godt arbeidsmiljø
+1
Assisterende fylkeslege
Assisterende fylkeslege

Kathinka Meirik • Steinkjer

On-site
NOK 975,000 - 1,180,000
Fleksibel arbeidstid
Hjemmekontor mulig
Pensjonsordning i Statens Pensjonskass
+1
Top locations