Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal søkjer etter ein rådgivar eller seniorrådgivar i seksjon helse. Du vil jobbe i tverrfaglege team og bidra til rettstryggleik og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenestene.
Arbeidsoppgåvene inkluderer klage- og tilsynssaker, rettleiing av verksemder og personell, og deltaking i utviklingsarbeid. Lønnspremiss frå kr 550 000 til 760 000 per år, med fleksibel arbeidstid og moglegheiter til fagleg utvikling.
Vi har no ledig eifast stilling som rådgivar eller seniorrådgivar i seksjon helse. Vi søkjer etter deg med interesse for rettstryggleik og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenestene. Hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal får du ein jobb som betyr noko – for pasientar, pårørande og samfunnet
Seksjon for helse arbeider for berekraftige og trygge helse- og omsorgstenester. Vi har ansvar for oppfølging av kommunale tenester, helsepersonell, tilskotsordningar, miljørettet helsevern og helseberedskap. Seksjonen samarbeidar tett med kommunar, spesialisthelsetenesta, Statens helsetilsyn og Helsedirektoratet. Vi gir rettleiing til kommunar og innbyggjarar, behandlar klagesaker og fører tilsyn for å sikre kvalitet og rettssikkerheit. Arbeidet vårt er samfunnsaktuelt – og du får moglegheit til påverke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene utover enkeltsaker. Vi jobbar i tverrfaglege team med til dømes juristar, legar, vernepleiarar og sjukepleiarar.
Din sykepleiefaglege kunnskap og erfaring frå korleis tenestene fungerer i praksis, er viktig når vi analyserer saker, vurderer faktiske forhold og tek stilling til om helsehjelpa er gitt i samsvar med krav i lovverk og faglege standardar. I denne stillinga får du difor om anna arbeide med
Mange saker krev at du raskt kan setje deg inn i problemstillingar og gjer gode vurderingar innan gitte fristar. Nokon saker er meir komplekse og krev grundigare analysar og samarbeid med kollegaer frå ulike fagområde.
Du har
Personlege eigenskapar vektleggast.
Det er en fordel at du har
For å bli tilsett som seniorrådgivar må du i tillegg ha
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen ( https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise )
Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.( https://www.statsforvalteren.no/mr )
Som vår nye kollega vil du få ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø.
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg. Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen ( https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling ).
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Karin Brigitte Müller Mikaelsen på telefon (Norge +47) 41495351.
Søknadsfrist: 15.11.2026