A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Haram kommune søkjer etter deg som er trygg og tydeleg vaksen som møter barn med omsorg, leik og engasjement. Du vil vere aktiv saman med barna og ta initiativ i kvardagen, med ansvar for samarbeid i personalgruppa og et godt arbeidsmiljø.
Fast stilling i barnehagen med 100% stilling, startdato 04.01.2027, søknadsfrist 06.12.2026. Løn etter tariff.
Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til både skog, fjell og fjøre, som vi aktivt brukar gjennom heile året. Barnehagen har 97 barn og 33 tilsette, fordelt på seks basar. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, lang erfaring og stort engasjement. Vår visjon er: «Vi gjer kvarandre gode».
Vi søker deg som er ein trygg og tydeleg vaksen, og som møter barn med omsorg, leik og engasjement. Du trivst med å vere aktiv saman med barna og tek del i kvardagen med initiativ og glede. Samstundes bidreg du til eit godt samarbeid i personalgruppa og til eit positivt arbeidsmiljø. Det er viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar. Hos oss får du høve til å vere med og skape ein trygg og utviklande kvardag for barna.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med fokus på gode og heilskaplege tenester. Vi arbeider fleksibelt og på tvers for å sikre kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode. Vi håpar å høyre frå deg!
Personlege eigenskapar og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju
Gro Olsen Jenssen,Styrar,95199275, gro.olsen.jenssen@haram.kommune.no
Gjerdebakken 55
6265 Vatne
Arbeidsgiver: Haram kommune
Referansenr.: 5206534786
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 06.12.2026