A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Eidet skule søkjer ei engasjert miljøterapeut som kan bidra til trygg og inkluderande skulemiljø på mellomtrinnet/ungdomstrinnet. Du blir ein viktig støttespelar for elevar, tilsette og føresette og kan utvide stillinga frå 80% til 100% ved behov.
Arbeidet krev relasjonsbygging, erfaring med barn/unge og god norsk skriftleg og munnleg framstilling. Fylgjer skulen sin visjon og samarbeider tett med lærarar og foresatte.
Vi søkjer ein engasjert, tydeleg, strukturert, varm og energisk miljøterapeut som ønskjer å vere med å skape gode skuledagar for elevar ved Eidet skule. Du vil vere ein viktig støttespelar for elevar, tilsette og føresette ved skulen. Vi har ledig 80% fast stilling som følgjer skuleåret til lærarane, med moglegheit til å utvide den til 100% om ein vil arbeide på SFO når den er open utenom skuleåret. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med om lag 400 elevar frå 1. - 10. trinn og om lag 120 barn på SFO. Visjonen til Eidet skule er "Eigne steg, felles veg" . Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord, ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med iPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.
Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.
I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidskvardagen vil hovedsakleg vere på mellomtrinnet og ungdomstrinnet
Skulen ønskjer ein person med positivt elevsyn og eit sterkt engasjement for barn og unge si utvikling.
Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt.
Ole André Lukkedal,Rektor,48078837,ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no
Vatnevegen 41
6265VATNE