Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Askøy vidaregåande skule i Kleppestø søkjer ein miljøarbeidar som kan bidra til ein trygg og inkluderande skulekvardag. Stillinga følger skuleåret og innebærer 89 % løn i 100 % stilling, med fokus på elevstøtte og praktiske løysingar i kvardagen.
Hovudoppgåva er å vere ein tydeleg vaksen i skulemiljøet, byggje gode relasjonar med elevane og motivere dei til aktiv deltaking. Miljøarbeidaren blir ein del av elevtenesta og samarbeider nært med miljøkoordinator og andre tilsette.
For å hjelpe oss med å utvikle og vidareføre eit trygt og godt miljø for elevane våre, søkjer vi ein miljøarbeidar som kan støtte elevane i skulekvardagen.
Stillinga følgjer skuleåret, noko som inneber 89 % løn i 100 % stilling.
Askøy vidaregående skule har omlag 780 elevar og 125 tilsette. Skulen ligg på Myrane ved Kleppestø, med god offentleg kommunikasjon til alle delar av Askøy og Bergen.
Skulen har følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen individuelt tilrettelagt opplæring i eigne grupper.
Vi har som mål at alle elevar på skulen vår skal ha ein trygg og god skulekvardag, med rom for læring og deltaking i fellesskapet.
Hovudoppgåva i stillinga er å vere ein tydeleg vaksen i skule- og elevmiljøet, byggje gode relasjonar med elevane og støtte dei i praktiske spørsmål og utfordringar i kvardagen.
Å motivere elevane til aktiv deltaking i eiga opplæring og til å engasjere seg i elevmiljøet er ei sentral oppgåve.
Miljøarbeidaren vil vere involvert i gjennomføring av ulike aktivitetar ved skulen og vere ein ressurs i oppgåver knytte til skulemiljøet.
Miljøarbeidaren er ein del av elevtenesta og samarbeider tett med miljøkoordinator og andre fagpersonar i det daglege arbeidet.
Personlege eigenskapar og gode kommunikasjonsevner vil bli lagt særleg vekt på ved tilsetjing.
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.