Una candidatura completa in un minuto
Curriculum e lettera di presentazione personalizzati, pronti da inviare.
Vestland fylkeskommune søker lærar i programfag på vidaregåande opplæring. Du vil samarbeide med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og bidra til utvikling av opplæring i nært samarbeid med arbeidslivet i fylket.
Det ligger vekt på oppdatering av kunnskap innan bransjen, og på inkludering av elevar gjennom fagleg og sosialt støttande læringsmiljø. Vi tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø og opplæringstilbod i Vestland.
Søknadsfrist:
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet.Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
Du bidrar til utvikling av opplæringa i samarbeid med kollegaer og leiing,holder deg oppdatert på utvikling i bransjen,samarbeide med arbeidslivet om læreplassar,arbeide for faglig og sosial inkludering i læringsmiljøet
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa.Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:
b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Dersom du mangler deler av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leder.
Det er ynskjeleg med:
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonalpådrivarfor eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak fra offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 måneder. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.